Jostedalsbreen nasjonalpark – ei kunstoppleving
Andre akt av Jostedalsbreen nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap
Vegard AasenVelkomen til andre akt av vandreutstillinga «Jostedalsbreen Nasjonalpark – ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap»
Første akt fann stad i Jostedalen på Breheimsenteret. No vandrar utstillinga vidare til Norsk Bremuseum i Fjærland, og vi inviterer deg til ein kveld der fotografi, film, musikk og føredrag møtest for å fortelje om Jostedalsbreen og det unike landskapet rundt han.
Utstillinga syner Jostedalsbreen både som naturoppleving, leveområde for plantar og dyr, og som eit landskap i endring.
Program:
- Katrin Moe: Musikk framført til film og bilete frå Jostedalsbreen nasjonalpark.
- Vegard Aasen: Dyr og eventyr i Jostedalen Nasjonalpark.
Thea Røhme: «Forma av breen» - Simon De Villers: «Jostedalsbreen from a different angle»
Etter føredraga opnar utstillinga, og det blir høve til å sjå bileta og møte nokre av bidragsytarane.
Vel møtt til ein kveld med natur, kunst, musikk og sterke forteljingar frå eit av dei mest spektakulære landskapa i Noreg – eit landskap som ligg rett i bakgården vår.
Ta turen. Sjå breen frå nye perspektiv
Utstillinga står ut oktober i Fjærland og kan sjåast i opningstidene til Bremuseet.
Takk til sponsorane

