Mosetur med ekspert
Bli med Artsklubben på ein tur der vi lærer oss om mosar! Turen er lavterskel og krev ingen forkunnskapar

Om turen
Økolog og mosekspert Knut Rydgren tar turen til Sunnfjord for å lære oss om mosane sitt arstmangfald på tur!
Bli med på ein vandringstur frå Kleppstølen mot Smådalsnipa. Dette er ein vandringstur som betyr vi tar eit roleg tempo og stopper opp og ser på moser. Der det er moser – der er vi! Målet er ikkje å komme oss på toppen, men utforske området, og turforslaget er berre eit utgangspunkt. Det blir eit lunsj-stopp undervegs på ein av støylane, så ta med deg niste og noko godt å drikke.
Bli med ut og lær deg nokre moseartar! Forkunnskapar om mosar er ikkje nødvendig.
Informasjon
Dato: 26.september – laurdag
Tid: 11:30 startar turen
Stad: frå Kleppstølen tur opp mot Smådalsnipa. Link til turen på UT.no
(merk! Vi går ikkje 4 timar opp til toppen, men bruker ruta som utgangspunkt. Fokuset er å vandre og sjå på mosar i området)
Transport/Skyss.
Avreise i lag frå festplassen i Førde, slik at vi kan samkøyre bort og dei som treng transport får plass i ein ledig bil. Oppmøte kl 11.00 på festplassen.
Du kan og parkere ved Kleppstølen og møte gruppa der, kl 11.30.
Pakkeliste:
- matpakke og drikke – vi tar eit lunsj stopp
- kle deg etter været
- notatbok og blyant om ønskeleg
- moseflora – om du har
Spørsmål?
Ta kontakt på tlf: 94874648, eller e-post allette.alvarvik@naturvernforbundet.no


Artsklubben i Sunnfjord
Artsklubben i Sunnfjord skal vere eit samlingspunkt for å lære om og registrere artar som ein finn i skogen. Klubben er til for nybyrjarar, erfarne og nysgjerrige. Bli med!
Takk til sponsorane våre!




