07.okt 2024

Ryddeseglas Florø

Hva: Segltur/Ryddedugnad
Når: 07.okt, kl. 11:45 – 11.okt, kl. 17:00
Hvor: Kringleskjæret, Florø

Fjordane Friluftsråd og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ynskjer å invitere til seglas med galeasen Loyal.

Toktet kjem til å vare i 5-dagar med fire overnattingar. Mandag og tysdag har de moglegheit til å vere med på dagsetappar, evt. bli med mandag-tysdag. Du kan òg vere med frå onsdag-fredag.

Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.

Innhald: På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi skal fiske og sette teiner samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gå i land på ulike strender for å rydde marin forsøpling der vi finn det.

Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.

Bli med!

Praktisk: Oppmøte ved Kringleskjæret, 7. oktober kl 11.45 Toktet avsluttast i Florø Mat er inkludert Ha med gode klede, pakkeliste vert sendt ut i forkant av seglaset

Påmelding: https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/event/ryddeseglas