Støttemarkering for Førdefjorden
Bli med og vis di støtte til Førdefjorden! Vi samlar oss utanfor Gulating lagmannsrett før retten skal behandle kravet om dumpestans i Førdefjorden.

Måndag 23. februar startar rettsaka der Gulating lagmannsrett skal behandle kravet om å forby Nordic Mining å dumpe gruveavfall i Førdefjorden så lenge Fjordsøksmålet pågår.
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom inviterer til ei felles markering med appellar og Fiskesuppe utanfor Gulating lagmannsrett i Bergen (Gulatings plass 1, like ved Kaigaten bybanestopp). Endeleg program kjem etter kvart.
Bli med og støtt opp under kravet om ein rein Førdefjord!
Andre arrangement i samband med rettsaka:
23. Februar: After Court på Skifte bar
23.-27. februar: Rettssak om dumpestans i Gulating lagmannsrett