Flyktningane gjorde Førde reint

Kring 30 asylsøkjarar og nokre få førdianarar deltok på Strandryddedagen i Førde 7. mai. Resultatet vart 20 sekkar med boss i sentrum og på stranda i Erdalen.

Det var nok å ta av. Dei kunne ha gått heile dagen, fleire dagar. Men Førde vart ein reinare by, og badestranda i Erdalen merkbar meir innbydande, etter at ryddegjengen var ferdig.

 Strandryddedagen vart avslutta med ei sosial samling rundt grillen på Festplassen. Mange av flyktningane tykte det burde vere strandsryddedag oftare. Fleire av dei har jamleg plukka boss i Førde sentrum, men det får dei ikkje lov til lenger. Aktiviteten er difor stoppa.

Takk til flyktningane, til Domus som stillte med grønsaker, til Førde kommune og Lions, som gjorde det mogleg med ein grillfest for alle ryddarane på ettermiddagen. Takk til Frivilligsentralen, grillmeister Sigmund Flaten. Og til dei tre russane som og plukka søppel.