Folgefonna gjer landet rikare

– Landet veks når det blir oppretta ein nasjonalpark. Det vert ikkje større, men det vert rikare, sa Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund, under middagen på Baroniet Rosendal etter opninga av Folgefonna nasjonalpark 14. mai. Folgefonna er vår 25. nasjonalpark og inneheld eit av dei få større villmarksprega områda som er att i Hordaland.

– Dei fleste reknar det som eit framsteg for sivilisasjonen at friherre Ludvig Rosenkrantz ikkje lenger har «hand- og halsrett» over bøndene i bygda her. Det er ei vidare utvikling av sivilisasjonen at ingen lenger kan slå seg opp på å sende naturen i Folgefonna nasjonalpark inn i det materialle stoffskiftet. Katedralen er freda frå børsen, sa Erik Solheim.

Les meir om Folgefonna nasjonalpark på Miljøverndepartementet si heimeside

Les meir i Bergens Tidende