Folk i Førde overrisla av giftstoff

Røyken låg tjukk over Førde natt til tysdag i forrige veke, etter ei brannøving.- Eg er rysta over brannvesenets handlemåte. Det er graveranda når brannsjefen meiner det er heilt i orden å brenne ned tre hus utan å sjekke innhaldet i dei «fordi det var så mykje bry», seier Erik Solheim, leiar i Norges Naturvernforbund. Avisa Firda har skrive fleire artiklar om saka.

Bildekk og elektrisk utstyr vart brent under øvinga forrige måndag. Røyken dreiv innover bustadområda i Førde.
– Ved brenning av den type materialar vi veit har funnest her, er det målt konsentrasjonar av miljøgifter som er opptil 500 000 gonger høgare enn avgassane frå søppelanlegg. Det skjer ikkje eingong ved eit uhell, men på grunn av makelegdom og aktivt slendrian, seier Solheim til Firda.
– Ein ting er dessutan kva vi ut frå branntomta veit var i bygningen. Noko anna er kva miljøgifter som faktisk kan ha vore der, legg Solheim til.

Ting tyder på at det kan ha stått kjemikaliar og arsenikk i bustadhuset.

Les om saka i Firda:
Bildekk, kokeplater, plast og tømmerstover opp i røyk
Folk i Førde vart overrisla av giftstoff
Kommunen røykla Førde i ti timar
Brannvesenet kan ha brent arsenikk

Les om miljøgifter på nettsida til Norges Naturvernforbund