Frå plastpant til Kystlotteriet

JAAA. Vi har klart det! Det VERT ei permanent premiering for strandrydding i nesten heile Sogn og Fjordane i løpet av juli – om vi får med dei tre siste kommunane. OG; alle som har meldt inn strandryddeaksjonar i SUM-kommunane skal få panten sin.

Aksjon plastpant vart starta i dei sju SUM-kommunane i vår, med tilskot frå Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane. Strandryddarane fekk 100 kroner per sekk, og folk rydda! Sogn og Fjordane Fylkeskommune har vore rause og fylt på potten to gonger, slik at vi no heldigvis kan betale pant til alle som har traska rundt og gjort strender og elvekantar fine. Særleg i Askvoll med Bulandet og Værlandet har folk stått på, panten har vore ein enorm suksess, fleire tonn søppel er samla inn.

Intensjonen var å utvide ei form for premiering til heile fylket, og det klarer vi no. I løpet av juli vert nesten heile fylket involvert i eit enklare konsept, nemleg Kystlotteriet. Både SUM, SIMAS, NOMIL og Flora kommune er med, Årdal, Solund og Gulen er velkomne til å bli med også.

Lotteri

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold i fjor med Sten Helberg i spissen.

– Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg. Per dags dato er 18 kommunar med, frå Flekkefjord til Halden. Andre kommunar er på veg. Når 23 kommunar i Sogn og Fjordane no blir med, vert talet på kommunar dobla!

Grunnidé: Strandryddarar hentar spesialsekkar og lodd på utvalde stader i kommunen. Ein del av loddet vert hengande på sekken, den andre (kvitteringa) tek strandryddaren med seg. Dei som tek i mot/hentar sekkane riv av lodda og samlar dei opp. I vårt tilfelle vert det renovasjonsselskapa.

Med jamne mellomrom vert det trekt lokale premiar, sponsa av kommunar og næringslivet. Alle lodda vert sendt til hovudkontoret i Fredrikstad for å vere med i trekkinga av nasjonale premiar i oktober. Til no i år er det levert inn kring 4000 lodd.

Miljøvennlege premiar

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har løyvd kr. 50 000 til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane til oppstart av Kystlotteriet. No kjem vi til å be kommunane, næringslivet og dei fire reiselivsaktørane i fylket – Visit Fjordkysten, Visit Sognefjord, Visit Nordfjord og Visit Sunnfjord – om sponsormidlar i form av pengar og/eller premiar, som til dømes konsertbillettar, festivalpass, kurs, laksefiske, surfehelg på Stad, spa, mat, hotellopphald og ein kombinasjon av dette til pakkar – alt som kan gje spennande, gode, unike opplevingar. Vi ynskjer og å ha nokre pengepremiar til klassar som sparer til skuletur m.m. Premiar har strøyma på der Kystlotteriet allereie har fungert i eit år. Vi vonar det same skjer her.

Sjå www.kystlotteriet.no