Fråsegn adressert til Norsk vassdrag og energidirektoratet NVE, 6. juni 2014

Natuvernforbundet i Sogn og Fjordane går sterkt i mot å gje konsesjon til Gjengedalen kraftverk. Skadane på natur og landskap er for store. Særleg vil tapet av vital natur vere stort i Gjengedalsgjelet, som er ein uerstatteleg lokalitet og biotop.

NVE – Konsesjonsavdelinga

nve@nve.no

6.juni 2014

Fråsegn om konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane viser til søknaden og konsekvensutgreiingane, og har desse merknadene:

Vassføring

Planen går ut på å nytte fallet frå Dalevatnet og ned under Gjengedalsfossen, ei elvestrekning på vel åtte kilometer og ei fallhøgde på 326 meter. Middelvassføringa er 7,64 m3/sekund. Maksimal slukevne er etter planen 18,4 m3/s. Minstevassføringa er etter søknaden på 2,41 m3/s om sommaren (1.5.-30.9.). Den naturlege vassføringa varierer i desse månadene mellom vel 8,5 og i overkant av 16 m3/s.

Naturtypar og vegetasjon

Verdien

Av dei områda som vert påverka dersom det blir utbygging, er det særleg elvegjelet ved Gjengedalsfossen som representerer vesentlege innvendingar.

Kim Abel og Terje Blindheim undersøkte lokaliteten i 2010 som ein del av ei systematisk registrering av bekkekløfter, eit prosjekt i regi av Direktoratet for naturforvaltning og NVE. Arbeidet var ikkje ei grundig inventering av artar og vegetasjonstypar, og heller ikkje tidlegare er det gjort inngåande studiar av vegetasjon og dyreliv. Abel og Blindheim gav område verdi A, den høgste, for biologisk mangfald fordi Gjengedalen skil seg ut som ei av dei mest markante kløftene i regionen, med potensiale for verdifulle miljø knytt til fosserøyk, rasmarker og bergveggar.

I konsekvensutgreiinga har Gjengedalsfossen med bekkekløfta, bergveggane og fossesprøytsona fått middels til stor verdi for biologisk mangfald. I kapittel 4.3 om vegetasjonstypar, karplanter, mosar og lav har kløfta ovanfor, ved og nedanfor fossen fått stor verdi. Vi kan ikkje sjå det saklege grunnlaget for å setje stor verdi på plantelivet, medrekna mosar og lav, og ein lågare verdi på det biologiske mangfaldet, som i ein slik lokalitet nettopp er samansett av dei vekstane som finst. I lys av at Gjengedalsfossen har fått stor verdi for fugl, er karakteristikken av biologisk mangfald ikkje til å forstå. Dei utslagsgjevande artsgruppene har stor verdi, men biologisk mangfald berre middels til stor.

Vi meiner det kan ikkje vere sakleg grunnlag for nokon annan karakteristikk enn stor verdi på Gjengedalsfossen med elvekløfta ovanfor og nedanfor. Det styrkjer dette standpunktet, ut frå føre var-prinsippet, at innsatsen for å kartlegge inventaret ved fossen og elles i elvegjelet har vore så liten (tabell side 13) at vi kan ikkje ha tillit til at alle artar er oppdaga i denne markante og sjeldne kløfta.

Vi meiner òg det må byggje på ei misoppfatning når det i KU-rapporten er sett middels verdi for verdifulle naturtypar og vegetasjonstypane med artsinventaret. Dersom det hadde vore snakk om ei utbygging med inntak like ovanfor Gjengedalsfossen, måtte verdien for prosjektområdet bli stor, ut frå det som elles står i rapporten. Ei nivellering av verdien til middels når det er snakk om eit større utbyggingsområde, er ikkje anna enn misvisande. Dersom verdien av natur som vert påverka, er stor, må det vere utslagsgjevande for den vidare vurderinga av konsekvensane. Konsekvensane vert ikkje mindre for Gjengedalsfossen av den grunn at også andre delar av vassdraget vert påverka.

Naturtypen fosseberg og fosseeng er i Norsk raudliste for naturtypar 2011 oppført som nær truga. Gjengedalsgjelet høyrer til denne naturtypen. Grunnen til konklusjonen i raudlista er at 15-30 prosent av arealet har hatt slik reduksjon i tilstanden at dei ikkje lenger er i ”akseptabel tilstand”, vurdert etter tilstandsvariablar for NiN (naturtypar i Noreg). Det er grunn til mistanke om at den omfemnande utnyttinga av fossar til småkraftverk har gjort tilstanden dårlegare på eit større areal.

Fremstad og Moen (Truete vegetasjonstyper i Norge 2001) har karakterisert fosseeng som noko truga (VU), altså eit trinn høgre på skalaen. Det som likevel er vesentleg er at alle eksemplar av fosseenger er langt frå like. Ein naturtype er ikkje så klart avgrensa som ein art. Fossesprutsona frå Gjengedalsfossen er heilt uvanleg stor; ho strekkjer seg eit par hundre meter nedover gjelet, som til saman er . Dalen er trong, med bratte og høge sider. Lokalmiljøet er fuktig i eit stort område. Vegetasjonen er artsrik, med fleire høgstauder og andre kalkkrevjande artar, og med innslag av edellauvskog. Mosevegetasjonen er dominert av artar som krev fuktig miljø.

På side 28 i KU-rapporten er eit kart frå Naturbase som etter figurteksten viser viktige naturtypar. For fossesprutsona og edellauvskogen ved Gjengedalsfossen er verdikarakteristikken svært viktig. Det finst nok andre lokalitetar med store dimensjonar og stor diversitet, men dei ligg i andre klimasoner (til dømes Feigefossen i Luster). Det kan ikkje vere fagleg tvil om at fossesprutbiotopen ved Gjengedalsfossen har stor verdi.

Konsekvensar av tiltaket

Den planlagde restvassføringa om sommaren (2,41 m3/sekund) er berre rundt 20 prosent av gjennomsnittmengda som renn i dei fem månadene. For det økologiske miljøet i fossesprutsona er det vesentlege at dei mange toppane i vassføringa vert sterkt dempa. Granskingar etter 20 års regulering i Aurlandselva har vist at store endringar i vassføringa har resultert i dramatiske endringar av vegetasjonen i fossesprutsonene (Arvid Odland 1991, NINA forsk.rapport 15, og 1994, Norsk Geografisk Tidsskrift). Mest gjekk det ut over mosar og fjellplanter som krev eit fuktig miljø.

KU-rapporten viser til at den lågaste vassføringa etter regulering vert ikkje mindre enn før (side 55). Dette er for det første ikkje det vesentlege i denne samanhengen, og dessutan viser vassføringskurvene i den same rapporten at dette er tilfelle om vinteren, ikkje om sommaren, då veksten skjer.

Forfattarane viser til at kunnskapsmangel gjer der vanskeleg å seie kva som blir konsekvensane av redusert vassføring. Likevel dreg dei, utan vidare argumentasjon, den konklusjonen at naturtypane ved fossen ikkje vil misse sin verdi for biologisk mangfald. Den vil berre bli litt mindre. Tolka på ein venleg måte er dette å trekkje eit utbyggingsvenleg konklusjon utan sakleg grunnlag. Vi minner om at definisjonen av biologisk mangfald ikkje femner berre om artsdiversiteten, men òg om variasjonen av leveområde for artane.

Det lovfesta forvaltningsmålet for naturtypar og økosystem (i naturmangfaldlova) er å ta vare på mangfaldet av naturtypar innanfor deira naturlege utbreiingsområde og med det artsmangfaldet som dei økologiske prosessane som kjenneteiknar den einskilde naturtypen. Ein av dei viktige økologiske prosessane som kjenneteiknar fosseenger og fossesprutsoner er vassføring med store variasjonar.

I Gjengedalsgjelet har vi å gjere med ei stor og sjeldan velutvikla utgåve av ein truga eller nær truga naturtype. Konsekvensane av å redusere kvalitetane her er større enn om det hadde vore snakk om eit mindre og mindre innhaldsrikt område. Vi er sterkt usamde i vurderinga som går ut på at effekten er middels negativ konsekvens. Sidan fossen og biotopen er bortimot eineståande, meiner vi det er rett å konkludere med svært stor negativ konsekvens. Dette er etter vår oppfatning i tråd med tabellen på side 20 og figuren på side 21 i KU-rapporten. Ein konsekvens av dette er at også konsekvensane for vegetasjonstypar, karplanter, mosar og lav er svært store og negative.

Pattedyr, fugl og fisk

KU-forfattarane meiner området har stor verdi for fugl og villrein. For fugl har dei sett konsekvensen til liten negativ. Dette inneber, etter figuren på side 21 i rapporten, at det nesten ikkje er rom for nokon negativ effekt, utan at dei har noko fagleg grunngjeving for dette.

Dei vedgår at rovfugl og andre predatorar får lettare tilgang til fossekallreira ved mindre vassføring, men hevdar at dette vil ikkje påverke mengda av fossekall. I rapporten Små kraftverk og fossekall (NOF-rapport 3-2007) hevdar Norsk Ornitologisk foreining at tap av reirplassar er kanskje den mest markante negative effekten av kraftutbygging.

Av lokalkjende i området har Naturvernforbundet fått vite at det i Gjengedalsgjelet og nærleiken er observert oter (sårbar, VU, på grunn av sterk populasjonsnedgang, 30-50 prosent over tre generasjonar), hubro (strekt struga, EN, pga. liten populasjon og sterk nedgang (20 prosent på to generasjonar), ål (kritisk truga, CR, med fare for å forsvinne på nokre få år) og dei mindre utsette artane fossekall og vandrefalk. Storlaksen i Gjengedalsvassdraget har gyteplassar så langt oppe i gjelet at livsvilkåra vert sterkt endra ved stor nedgang i vassføringa og den variasjonen i vassføring som laksen er tilpassa gjennom fleire tusen år.

I lag med vegetasjonen i denne heilt spesielle biotopen – og ein realistisk sjanse for at meir grundig inventering vil vise fleire nye artar – er dette eit økosystem som det ikkje er forsvarleg å gripe inn i med kraftig redusert vassføring. Vi har sjeldan vore bort i ei sak med så klare argument for at konsesjon vil vere i strid med forvaltningsmåla for både artar og naturtypar (§§ 4 og 5 i naturmangfaldlova).

Både den oppsplittande metodikken som KUen byggjer på, og den knappe tida som er brukt til å finne ut kva som lever i gjelet, gjev dårleg grunnlag for å tru at konklusjonane er eit forsvarleg grunnlag for å seie ja til utbygging. Her set den lovfesta føre var-regelen eit klart direktiv for forvaltninga, i § 9 i naturmangfaldlova. Når kunnskapsgrunnlaget ikkje er godt nok, skal forvaltninga ta sikte på å ”unngå mulig vesentlig skade på naturmangfoldet”. Vi meiner at ei økologisk oppfatning av situasjonen, altså eit anna syn enn det KUen byggjer på, tilseier at skadane på naturmangfaldet vert vesentlege.

Dersom NVE vurderer å gje konsesjon, er det vår klare oppfatning at det må atskilleg tilleggsregistreringar til for å nå eit forsvarleg kunnskapsgrunnlag.

Også ved andre sider av saka meiner vi det er grunn til å reise tvil om konsekvensvurderingane. Men vi trur både alvoret og konsekvensane er mindre dramatisk i andre delar av det påverka området. Elvemiljøet ovanfor, i og nedanfor Gjengedalsgjelet står derimot fram som ein økologisk heilskap med heilt sjeldne verdiar som med stor risiko vil ligge igjen som ein økologisk ruin dersom storparten av vatnet vert ført utanom.

Samla påkjenning

Gloppen kommune har frå før 24 vasskraftverk. Dei aller fleste sideelvane til det store Breimsvassdraget er utnytta. I grannekommunane Jølster og Bremanger er òg dei fleste vassfalla med kraftpotensiale flytta over til røyr og tunellar i fjell. Påkjenningane på vassdragsnaturen er nær maksimal. Ved å nekte konsesjon til Gjengedal kraftverk, er det mogeleg å ta vare på eitt frittrennande vassdrag i regionen.

Grunngjevinga for tiltaket

Sogn og Fjordane Energi vil ha større produksjon av fornyeleg energi. Prisfallet i marknaden tilseier at vi held på å få ein stor overproduksjon av elektrisk kraft. I ein slik situasjon er dei konkrete føremonane små. Eit politisk ønskje om større produksjon kan ikkje forvare kva som helst av skadar.

SFE hevdar òg at utbygginga vil vere nyttig ved inntekter til aksjonærane, grunneigarar, kommunen, fylkeskommunen og staten. Tala i søknaden viser at dette dreiar seg om svært lite pengar og mindre av andre føremonar. Dersom NVE skulle komme til at nytten for samfunnet er større enn ulempene, må det ligge i ei slik avveging at NVE legg svært lite vekt på skadane i naturen. Heile vassdraget fekk høg verdi i det faglege grunnlaget for Samla plan, og Gjengedalsgjelet er det dekning for å kalle eineståande i sitt slag.

Konklusjon

Natuvernforbundet i Sogn og Fjordane går sterkt i mot å gje konsesjon til Gjengedalen kraftverk. Skadane på natur og landskap er for store. Særleg vil tapet av vital natur vere stort i Gjengedalsgjelet, som er ei uerstatteleg lokalitet og biotop.

Fagrapporten om naturmiljø og naturleg mangfald er så mangelfull at han ikkje kan tene som forsvarleg grunnlag for å seie ja til utbygging. Dersom NVE vurderer å gje konsesjon, må observasjonane av plante- og dyrelivet, særleg i og rundt Gjengedalsgjeler, vere atskilleg meir grundige gjennom større delar av vekstsesongen.

Det er ikkje grunnlag for å hevde at utbygging vil vere i samsvar med dei lovfesta forvaltningsmåla for naturtypar og artar. Kraftutbygginga i regionen er omfemnande, og Gjengedal kraftverk vil auke den samla påkjenninga til eit nivå som det snart ikkje er mogeleg å gjere større.

Med helsing

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane Norges Naturvernforbund

v/ Erik Solheim v/ Fagrådgiver Honorata Gajda.