Fråsegn om Førdefjorden

Samrøystes fråsegn frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane til Miljøverndepartementet 05.05.2012.

Klima- og ureiningsdirektoratet (Klif) rådde i mars i år Miljøverndepartementet til å hente inn meir kunnskap om straumane i Førdefjorden, fleire forsøk og vurderingar for å klarlegge verknadene av dei kjemiske stoffa i utvinningsprosessen og ei grundigare kartlegging av korleis lydtrykket frå sprenging kan påverke fisken i fjorden. 

Denne kunnskapen må vere på plass før departementet avgjer søknaden om gruvedrift i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane, meiner Klif.  Også Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Universitetssenteret på Svalbard går inn for at det gjennomført strøm- og trykkmålingar og hydrografiske tidsseriar over eitt år.  

Førdefjorden er høgproduktiv, rein og rik på artar og naturtypar, nokre av dei sterkt truga.  DN peikar på ei lang rekkje manglar ved dei konsekvensutgreiingane som følgjer søknaden.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går ut frå at Miljøverndepartementet vil følgje råda frå dei to direktorata.  Grunngjevinga for det felles standpunktet er veldokumentert.  Det sentrale spørsmålet i saka er korleis avgangsmassane vil spreie seg i fjorden, og avgjerande for det er dei horisontale og vertikale straumane over lang tid.  Målingar gjennom eit år, ikkje kortare, vil gje resultat som opplyser saka enormt mykje meir enn søkjaren har gjort.

Direktoratet for naturforvaltning peikar òg på at søknaden fortel lite om konsekvensane for livet i ferskvatn, mellom anna av å ta ut vatn til rutilutvinninga.  Dette er det enno ikkje søkt om.  Vi kan ikkje komme i den situasjonen at søkjaren eventuelt får konsesjon til utvinning utan at departementet vurderer alle viktige sider ved saka, også inngrep i vassdrag, dumping av ballastvatn mm. 

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane bed difor departementet om å syte for at vert henta inn kunnskap om dei sidene ved saka som direktorata har dokumentert er mangelfullt dekka.  Berre på den måten kan vedtaket i ei så kontroversiell sak få den saklege autoriteten som trengst, og berre på den måten kan vedtaket bli i samsvar med den lovene og reglane som gjeld.

Med venleg helsing

Thorleif Jakobsen

Leiar, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Kopi til:

Klima- og forureiningsdirektoratet

Direktoratet for naturforvaltning

Havforskingsinstituttet

Naturvernforbundet