Fråsegn til NVE om 7 småkraftverk planlagde i Fjærland

Dersom alle kraftverka som no er planlagde i Fjærland vert bygde, vil det føre til store inngrep i det vakre landskapet i turistbygda, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091, Majorstua, 0301 Oslo

SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGE 7 SMÅKRAFTVERK I SOGNDAL KOMMUNE

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har motteke desse søknadene og har fylgjande disposisjon for høyringsfråsegna vår. Vi vil først prøve å vurdere dei samla verknadene eller dei såkalla” sumverknadene” av desse planane og så kome med nokre merknader til dei einskilde kraftverka. Til slutt vil vi gje ein konklusjon om desse søknadene.

SUMVERKNADER AV SMÅKRAFTVERKA I FJÆRLAND

Det vil vere viktig også å sjå på dei samla verknadene av desse kraftverka. Tidlegare har ein gjeve løyve til ein del småkraftverk i den ytre delen av Fjærland , medan det no er planar om bygging av 6 kraftverk i den indre delen av bygda. Dersom alle desse 6 vert bygde, vil det sjølvsagt påverke landskapet osv. i stor grad. Fossar vil forsvinne, og vassføringa i elvane vil verte kraftig redusert over lengre strekningar med konsekvensar for plante-og dyrelivet. Fjærland er elles kjend som ei frå gamalt av viktig turistbygd her i nærleiken av Jostedalsbreen. Her er fleire viktige og mykje nytta oppgangar til breen, som vert brukte både sommar og vinter. Det er fleire overnattingsstader i bygda, og ikkje minst er Fjærland kjend for eit Bremuseum eller informasjonssenter om Jostedalsbreen, som er mykje nytta  av dei mange turistane og andre som vitjar bygda.

Det kan ikkje vere tvil om at så mange kraftutbyggingar vil ha uheldige verknader  på naturlandskapet  og som ei fylgje av det også reiselivet,som er ein så viktig del av næringslivet i bygda. Ved ei så omfattande kraftutbygging vil nok Fjærland misse nokre av dei kvalitetane som har gjort bygda kjend både her i Noreg og utover landegrensene heilt frå 1800-talet.Det er nok også tvilsamt om moglege inntekter frå kraftutbygginga vil kompensere for verknader av desse sumverknadene på det flotte Fjærlandslandskapet.

Sumverknadene av kraftutbygginga vil nok vere størst i Bøyadalen i Fjærland. Her legg ein opp til bygging av heile 4 kraftverk innan eit avgrensa område. Samstundes er dalen eit populært turistmål med den kjende Bøyabreen og elles ei kjend turrute over til Jølster. Vi ser det slik at alle desse kraftverka ikkje bør byggast, men i alle fall reduserast til 3 ut frå omsynet til dei samla verknadene på landskapet. Når det gjeld kraftprosjekta i Mundalen og Supphelledalen, vil vi legge vekt på at begge dalføra er etter måten lite prega av tekniske inngrep. Begge er vakre dalføre i eit imponerande fjellandskap med nærleik til Jostedalsbreen og mindre brear. Ei kraftutbygging i begge dalane vil også kome i nærområdet til inngrepsfrie område(INON-område) og Jostedalsbreen nasjonalpark. Begge dalføra er mykje nytta av turgåarar med viktige ruter inn dalføra og opp mot Jostedalsbreen. Ut frå omsynet til landskapet og inntrykket av dette flotte landskapet vil vi difor vere svært skeptiske til ei mogleg kraftutbygging i desse dalane.

NOKRE MERKNADER TIL DEI 7 KRAFTVERKA

1.Tverrdøla kraftverk: Eit kraftverk her og i Supphelledalen vil som tidlegare nemnt vere uheldig ut frå omsynet til såkalla inngrepsfrie område og nærleiken til nasjonalparken ved Jostedalsbreen. Området er mykje vitja av turistar, og her er fleire mykje nytta stiar innover i Supphelledalen og ikkje minst inn Tverrdalen og opp til Jostedalsbreen. Frå dalbotnen og opp Tverrdalen går det først ein traktorveg og vidare ein merkt tursti opp til Flatbrehytta ved brekanten. Denne stien vert mykje nytta av turgåarar som  går opp til hytta, og også dei som vil vidare innover Jostedalsbreen. Ei kraftutbygging her vil først og fremst merkast ved vegbygging og bru/dam over elva og då ikkje minst svært redusert minstevassføring langs ein del av elva der turstien/vegen går. Alt dette vil redusere opplevinga av naturlandskapet i dalen trass i at elva er mindre synleg ned mot den planlagde kraftstasjonen. Vi vil såleis meine at ei kraftubygging i Tverrdøla har så mange uheldige konsekvensar at søknaden må avvisast.

2. Mundalselvi kraftverk: Mundalen er også ein dal som har etter måten få tekniske inngrep i landskapet. Dalen er lett å kome til og svært tilgjengeleg for turgåarar. Ei kraftutbygging her vil føre til store inngrep i dalføret med bygging av ny veg og mykje redusert vassføring over ein lengre strekning. Ei sideelv(Botnagrovi) vil også etter planen verte overført til Mundalselvi devis i røyr i dagen og utan minstevassføring. Saman med sjølve kraftverket og inntaket vil dette føre til større inngrep i landskapet  i eit område som er mykje nytta til friluftsliv av både turistar og fastbuande, og søknaden bør difor avvisast.

Jakopbakka kraftverk: Av dei planlagde 4 kraftverka i Bøyadalen er nok dette det som ein må sette flest spørsmålteikn ved , og som ein difor bør vere  mest skeptisk til når ein vurdererer den samla verknaden av dei mange planlagde småkraftverka. Dette heng m.a. med at kraftverket vil kome i nærleiken av eit populært turistområde ved den kjende Bøyabreen. Deler av elva er også godt synleg i landskapet og vil i tifelle utbygging nærast bli turrlagd med ei planlagd minstevassføring på 8 l/s. Vi meiner såleis at denne søknaden må avvisast.

Skeidsflåten kraftverk: Dette kraftverket vil også ha uheldige verknader. Såleis vil vassføringa verte kraftig redusert over ei  lang strekning om ein held seg til den planlagde minstevassføringa med uheldige verknader både på inntrykket av landskapet og truleg og fisket i elva. Bøyaelvi vert også nytta ein del til elvepadling, og ei så redusert vassføring vil nok vere uheldig for denne aktiviteten. Konklusjonen vil vere at vi ikkje vil gå mot søknaden, men vil kreve at minstevassføringa vert monaleg auka.

Tverrdalselvi kraftverk: Dette kraftverket vil også føre til større inngrep i nedre del av Tverrdalen mot Bøyadalen med inntak av tre sidegrøver og turrlegging av desse, vegbygging og då ikkje minst mykje redusert vassføring over ei lengre strekning. Vi vil likevel ikkje gå mot søknaden med den føresetnaden at minstevassføringa vert auka ein god del.

Botna kraftverk: Vi vil ikkje gå mot denne søknaden, men det må vere eit krav at minstevassføringa vert auka då elva er godt synleg i landskapet.

Fardalselvi kraftverk: Dette kraftverket, røyrleidningen og inntaket vil nok vere mindre synleg i landskapet, men kraftverket kan ha ein del andre uheldige verknader. Den mykje reduserte vassføringa kan føre til vegetasjonsendringar og større fare for forureining av elva. Minstevassføringa bør såleis aukast. Kraftstasjonen bør også trekkast noko tilbake for ikkje å kome i ”konflikt” med den vakre og særprega Fardalsfossen.

KONKLUSJON

Dersom alle desse  6 kraftverka vert bygde, vil det føre til store inngrep i det vakre landskapet i turistbygda Fjærland. Vi trur at dette vil redusere opplevinga av bygda og også få konsekvensar for reiselivet og friluftslivet, som er så nær knytta til denne bygda. Vi trur heller ikkje at dei inntektene som denne kraftutbygginga kan gje, vil kompensere for ulempene og tapet som følgjer med. Som tidlegare nemnt vil vi difor tilrå eit avslag når det gjeld 3 av søknadene, dvs.Tverrdøla kraftverk, Mundalselvi kraftverk og Jakopbakka kraftverk, medan dei 3 andre søknadene, Tverrdalselvi kraftverk, Botna kraftverk og Skeidsflåten kraftverk, kan imøtekomast. Det siste gjeld også Fardalselvi kraftverk. Når det gjeld dei tilrådde søknadene, vil vi likevel tilrå ein monalegg auke i minstevassføringa ut frå omsyn til landskapsopplevinga og fisket/plante og dyrelivet i og ved elvane.

Sogndal 12/3-14

For Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane,

Nestleiar Jon Farestveit, Åbergev. 20, 6856 Sogndal