Glad for nasjonal laksefjord
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er svært glade for at regjeringa har rådd til å ta Førdefjorden med på lista over nasjonale laksefjordar. Nausta får, i tillegg til Lærdalselva og Nærøydalselva, status som nasjonale laksevassdrag. Dermed har laksen fått eit særskilt vern i dei store lakseelvane og fjordane som høyrer til i Sogn og Fjordane.
Det som nå står att, er å setje kraftige nok handlingar bak orda som fortel om nye tiltak for å sikre dei aktuelle laksestammane. Den atlantiske laksen er nede på eit historisk lågmål, og utsiktene er framleis usikre. Noreg har eit heilt særskild ansvar for å berge denne fisken som alle vil ha, men som likevel gjennom lang tid har vore utsett for øydeleggande påkjenningar.
I nyare tid har oppdrettsnæringa vore den viktigaste av dei negative faktorane. Næringa har stadig sagt at dei skal få rømingane under kontroll. Likevel har vi det siste året sett historisk høge tal av oppdrettslaks på vidvanke.
Les tidlegare, relaterte saker: