Har vi bruk for kjøpesenteret i Nedrehagen i Sogndal?

Det kan stillast mange spørsmål i samband med desse planane om det kolossale kjøpesenteret i Sogndal. Har vi bruk for endå eit slikt til prosjekt sjølv om dei som står bak, kjem som reine julenissar med lovnader om 400 arbeidsplassar? Og er framtidsutsiktene så gode med truleg mindre kjøpekraft blant folk og stagnasjon eller tilbakegang i folketalet i Sogndal og i indre Sogn? Dette skriv Jon Farestveit i eit innlegg.

Georg Arnestad m.fl. kjem med kritiske spørsmål når det gjeld utforminga av ”byggverket” og moglege konsekvensar for Fjøra. Betre planlegging og meir informasjon blir og etterlyst. Dette er viktig nok i samband med dette prosjektet til ein søkkrik investor, som vel hovudsakleg er ute etter å tene pengar og nok ikkje opptrer som gåvmild julenisse for sogndølene, slik nokon synest å tru. Men like viktig å diskutere vil vere kva følgjer ein slik ”masodont” innan handelen vil få for samfunnsutviklinga og miljøet i vårt distrikt.

Frå investorane si side blir det då hevda at eit slikt kjempesenter må til for å stoppe handelslekasjen ut av Sogn til dei griske bergensarane, sunnmøringane og sunnfjordingane. Det kan nok hende at resultatet blir at fleire kjøpekåte sogningar parkerer bilen i Nedrehagen, med eller utan parkeringsavgift, og også ein del nyfikne sunnfjordingar, nordfjordingar, vossingar og hallingdøler vil vel slenge innom. Men det er også truleg at det vil vere ein god del svært uheldige verknader av ei slik etablering.

Kjøpesenteret i Nedrehagen må først og fremst satse på marknaden i indre og midtre Sogn, og det vil høgst truleg føre til ei svekking av handelen på stader som Gaupne, Årdal, Leikanger osv. med ein slik gaukunge i reiret. Resultatet kan fort bli ei auka sentralisering med nedlegging av ein stor del av handelen på slike stader, og også svært uheldige miljømessige konsekvensar som auka bilkøyring frå ”distriktet” og inn til Sogndal.

Og ”imperialisten” Mæle vil nok syte for å dra med seg ein god del av overskotet ut av ”u-landet Sogndal og indre Sogn!

Slike store kjøpesenter er jo baserte på bruk av bil, og dette i Sogndal vil nok også berre auke bilbruken og dermed miljøkostnadene. Dette vil truleg ikkje kunne kompenserast av mindre bilkøyring ut av Sogn, Det er vel heller slik at etablering av slike bilavhengige kjempesenter fører til auka køyring mellom sentra av folk på jakt etter etter det beste tilbodet og dei høgst materielle opplevingane desse sentra kan tilby eit publikum som gjerne har meir enn nok frå før.

Til slutt må også nemnast: Er det rett å bruke noko av den beste matjorda i Sogndal og andre stader som Førde til parkeringsplassar og betongkolossar og elles bygg av alle andre slag i ei verd som truleg får ei matvarekrise å handskast med kvar dag som helst?

Jon Farestveit, Sogndal

Teksten i word