Holmen kraftverk

Holmen kraftverk er eit akseptabelt døme på uybygging av småkraft. Her kjem vår uttale om konsesjonssøknaden:

Norges vassdrags-og energidirektorat                            Sogndal 22/3 2012

5091 Majorstua, 0301 Oslo

HOLMEN KRAFTVERK/JORDALSELVI

Holmen kraft A/S har søkt om konsesjon for bygging av kraftverk  på Holmen ved  utlaupet av Jordalselvi i Aurland og Voss kommune. Planen er i hovusak å legge inntaket eit stykke opp i Jordalen og føre vatnet ned til kraftstasjonen i vasstunnel i samband med ny vegtunell som skal avløyse den smale og rasutsette vegen langs Jordalselvi.

FORDELER OG ULEMPER VED PLANEN

Vi kan sjå at det er ein god del positivt å seie om denne utbygginga. Det viktigaste må vere at Jordalen og dei som bur der, får ein betre og tryggare veg. Dette er viktig for å halde oppe busettinga i dalen. Grunneigarane får også ein del inntekter frå kraftverket, noko som og kan vere med på å halde oppe busettinga.  Det at vassvegen vil gå i tunell, gjer også at anlegget vil vere mindre synleg i landskapet. Ulempene kan først og fremst knytast til at kraftverket kjem innanfor landskapsvernområdet og det såkalla verdsarvområdet ved Nærøyfjorden. Dette forpliktar både styresmakter og andre til å ta vare på landskapet, naturmangfaldet og kulturminne i området. Bygging av eit kraftverk og det som høyrer til, vil då vere eit uheldig teknisk inngrep i eit så  verneverdig område og ikkje i samsvar med intensjonane og reglane for verninga. Planen legg også til bygging av ei ny kraftlinje frå Stalheim og  til Kjønnegard i Voss kommune, noko som også vil vere uheldig i landskapet her.

AVBØTANDE TILTAK

Det  aller viktigaste avbøtande tiltaket er sjølvsagt at vassvegen fram til kraftstasjonen vi gå i tunell, og dette vil då redusere skadeverknadene på landskapet og opplevinga av dette flotte landskapet kring Stalheim. Etter planen skal også den utskotne steinen frå tunellen transporterast vekk saman med stein frå anortosittgruva i nærleiken, og ein slepp difor steintippar.Det er også bra at krafta skal gå i kabel frå Holmen til Staslheim. Når det gjeld avbøtande tiltak elles, er det lagt opp til minstevassføring på 300 l/sek. i sommarhalvåret og 100 l/sek i vinterhalvåret. Dette meiner vi er for lite både sommar og vinter og bør aukast noko både av omsyn til opplevinga av elva i landskapet og livet i elva og kring elva.Vi reknar elles med at ”gamlevegen” langs elva vert oppretthalden som vandringsveg og sykkelveg, og då er dette med opplevinga av elva viktig. Vi ser det også som viktig at  kraftstasjonen vert lagd over ”vandringshinderet” for laksen i elva og ikkje eit stykke nedanfor etter planen. Den beste løysinga for straumframføringa frå Stalheim fram til Kjønnegard ville også vere kabel, men  elles vurderer vi alternativ 2B som den beste løysinga både av omsyn til landskapet og busettinga i området.

KONKLUSJON

Det er såleis både positive og negative sider  ved denne kraftutbygginga. Vi meiner likevel at ved avbøtande tiltak som dei som her er nemnde, kan denne kraftutbygginga gjennomførast utan alfor store skadeverknader på landskap,naturmangfald ,friluftsliv osv.I tillegg til at dette også er fornybar kraft, har vi  lagt stor vekt på at  kraftverket og den nye vegtunellen  truleg vil vere med og halde oppe busettinga i utkanten Jordalen.

For Naturvernforbundet i  Sogn og Fjordane

Jon Farestveit,nestleiar 6856 Sogndal