Høyringsfråsegn per 1. jun 2012 til NVE ved melding om Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune

Dette prosjektet er av dei aller mest konfliktfylte vasskraftplanane som er fremja i fylket i nyare tid. NVE bør stille krav om at ugreiingsprogrammet gjennomfører ei fagleg verdivurdering av naturen i heile influensområdet, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

NVE – Konsesjonsavdelinga

nve@nve.no, sendes kun elektronisk                                      Den 1. juni 2012

Høyringsfråsegn – melding om Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune

Meldinga varslar planar hos Sogn og Fjordane Energi om to alternativ for regulering av Storevatnet og, ved alternativ 1, Dalevatnet til kraftverk og utløp nedanfor Gjengedalsfossen. 

Det er liten skilnad på dei tekniske sidene ved dei to alternativa.  Også for natur og landskap vil konsekvensane av dei to variantane etter alt å dømme bli svært like.  I den samanhengen er det knapt mogeleg å snakke om to løysingar med verknader som skil seg nemneverdig frå kvarandre.

I tillegg melder SFE planar om ein ny 132 kV luftleidning frå Gjengedalen til Storebruk via Skogheim og Sagefossen.  Til saman vil kraftverket og luftlina bli store inngrep i natur som for det meste er lite prega av større tekniske installasjonar frå før.  Det er velkjent etter mange undersøkingar og vurderingar at Gjengedalsvassdraget har svært store verneverdiar.  Dette prosjektet er av dei aller mest konfliktfulle vasskraftplanane som er fremja i fylket i nyare tid.   

Heilskapen i området

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har lenge arbeidd for varig vern av Gjengedalsvassdraget.  Av politiske grunnar let dette seg ikkje gjennomføre, sjølv om det aldri har vore tvil om at naturverdiane i området i høg grad kvalifiserer til vern.   Vassdraget er ein del av eit stort og uforstyrra fjellområde med ein vekslande geologi, variert topografi og rik flora.  Dei sentrale delane er freda som landskapsvernområde.  Naustdal-Gjengedalsområdet er eit av dei største, mest varierte og samanhengande  og urørde villmarksområda som er att på Vestlandet.  Vassdraga er ein sentral del av denne heilskapen. 

Vi er klar over at vernereglande formelt opnar for regulering av Storevatnet innanfor den naturlege vasstandsvariasjonen.  Dette er i seg sjølv ikkje eit argument for å gjennomføre reguleringa.  Avgrensinga av landskapsvernområdet – med grense tvers over Storevatnet – og unnataket for regulering, er eit politisk resultat av konflikten mellom verneomsyn og interesser for å utnytte økonomiske verdiar.  Naturverdiane utanfor grensa er ikkje mindre enn innanfor.  Det kan ikkje vere slik at områdevernet er å oppfatte som eit varsel om at utanfor grensa skal det vere lettare å få løyve til inngrep enn om det ikkje hadde vore gjennomført vern etter naturvernlova.  Det må heller vere ein framtidsretta praksis at områdevern tilseier varsemd i saker som gjeld inngrep i randsonene rundt freda natur.  Dette synet er i tråd med nyare økologisk innsikt og ei oppfatning med stadig større tilslutning i internasjonalt naturvernarbeid.  Vassdraga er ikkje berre ein straum av vatn, men ein transportåre for stoff og biologisk energi gjennom økosystema frå fjell til fjord.  Verknadene for den naturlege heilskapen frå fjell til lågland må vere ein viktig del av vurderingsgrunnlaget dersom det kjem søknad om kraftutbygging i Gjengedalsvassdraget.  Denne heilskapen må òg ligge til grunn for utgreiingsprogrammet. 

Gjengedalsvassdraget i Samla plan

SFE viser til at vassdraget står i gruppe 5 og kategori I i Samla plan.  Dette er korrekt.  Men i den faglege hovudrapporten bak Samla plan er Gjengedalsvassdraget plassert i gruppe 12, det vil seie midt i kategori III, som i St.meld. nr. 63 (1984-85) Om Samlet plan for vassdrag var prosjekt som ikkje var aktuelle for utbygging på grunn av store konfliktar med andre brukarinteresser eller høge utbyggingskostnader.  I Gjengedalen var konfliktgraden utslagsgjevande; økonomien i prosjektet var god.  Dei faglege vurderingane gjekk ut på at konfliktgraden var i høgste klasse, K 8.  Plasseringa i gruppe 5 og kategori I var eit resultat av politisk press.  Departementet legg i St.meld. nr. 63 vekt på at prosjektet har god økonomi, og at dei brydde seg mindre om verdien som type- og referansevassdrag og som ein del av eit større område. 

Plasseringa i kategori I inneber at det er ikkje noko formelt i vegen for å søkje konsesjon.  Men plasseringa kan ikkje vere eit argument for å svare ja på søknaden. 

Gjengedalsfossen

Gjengnedalsfossen har eit fall på rundt 60 meter i ein trong V-dal mellom grendene Gjengedalen og Mjelleim.  Kim Abel og Terje Blindheim undersøkte lokaliteten i 2010 som ein del av ei systematisk registrering av bekkekløfter, eit prosjekt i regi av Direktoratet for naturforvaltning og NVE.  Arbeidet var ikkje ei grundig inventering av artar og vegetasjonstypar, og heller ikkje tidlegare er det gjort inngåande studiar av vegetasjon og dyreliv.  Abel og Blindheim gav område verdi A, den høgste, for biologisk mangfald fordi Gjengedalen skil seg ut som ei av dei mest markante kløftene i regionen, med potensiale for verdifulle miljø knytt til fosserøyk, rasmarker og bergveggar.  For ein eventuell konsesjonssøknad må SFE få pålegg om å undersøkje kva som finst ved Gjengedalsfossen og nedover i den særprega V-dalen.

Laksestammen

Dei opplysningane Naturvernforbundet har kjennskap til, går ut på at vassdraget har ein god og sjølvrekrutterande laksestamme.  Etter å ha undersøkt elva i 2010 konkluderte Rådgivende biologer at talet på gytande fisk er langt over målet for stammen, og at vatnet er av god kvalitet, mellom anna etter funn av døgnfluger som er vare for surt vatn.  Dette er noko heilt anna enn det SFE hevdar i meldinga, at laksestammen er dårleg på grunn av lakselus og rømd oppdrettslaks. 

Store delar av dei norske laksestammane er i alvorleg fare for å døy ut.  Det er fagleg semje om at kraftutbygging er ei av dei viktigaste årsakene til denne dystre situasjonen.  Samfunnet legg ned stor innsats for å snu utviklinga, og det må vere ei tung innvending mot utbyggingsplanane i Gjengedalen dersom det er tenkjeleg at kraftverket kan påverke livsvilkåra for laksen. 

Framlegget til utgreiingsprogram

Vi har ikkje merknader til dei det fysiske utgreiingsprogrammet, pkt. 4.1.-4.5.  Til pkt. 4.6 og 4.7. vil vi hevde dette:

Konsekvensvurderingane i nyare konsesjonssøknader for vasskraftverk og kraftliner er på vesentlege punkt meir overflatiske og mangelfulle enn søknadene var for 20-30 år sidan.  Dei byggjer i stor grad på eksisterande opplysningar som er lett tilgjengelege i eksisterande databasar.  Dette kunne sikkert vere greitt nok dersom naturen frå før var godt undersøkt og at resultata var tilgjengelege.  Det er som kjent ikkje tilfelle.  Det verkar som det er meir om å gjere å fylle ut punkt i handbøker for slike arbeid enn å klarlegge kva som faktisk finst og vil bli påverka i terrenget.  Når det i framlegget frå SFE står oppført eit pålegg om å gjennomføre ei synfaring for alle biologiske tema som er omtala, seier det seg sjølv at resultatet vert mangelfullt.  Å gjennomføre ”ei enkel skildring av dei vanlegaste terrestriske vegetasjonstypane i influensområdet” (meldinga side 26), kan dette ikkje gje mykje nyttig kunnskap.  Det er først og fremst den mindre vanlege vegetasjonen som det er interessant å vite noko om, og som kan avsløre om dette vassdraget har kvalitetar som andre ikkje har, eller har mindre av. 

På side 18 i meldinga er innringa noko som SFE kallar prosjektområdet.  Vi vil hevde at influensområdet strekkjer seg frå austre enden av Storevatnet og ned til sjøen.  Kartlegginga av det biologiske inventaret må dekkje heile dette arealet, for det er dette som vil eller kan bli påverka av utbygginga.

Etter at den offisielle raudlista vart publisert, har vi sett ein tydelegare tendens til å legge vekt på kunnskap om truga artar.  Dette er viktig.  Men å gjennomføre dette krev at området blir godt nok undersøkt til å vere sikker på at artane og deira biotopar er kjend.  Vi ser òg ein tendens til at det blir lagt mindre vekt på artar som ikkje står på raudlista.  Ein slik praksis kan etter kvart føre til at raudlista veks og ikkje minkar, som er målet. 

Vi er sterkt usamde i påstanden på side 27 om at det ikkje er trong for omfemnande fiskeundersøkingar på den lakseførande strekninga.  Vi meiner det er påvist at laksen går like inn under Gjengedalsfossen, og at det er feil å hevde at vassføringa på den lakseførande strekninga ikkje blir påverka i nemneverdig grad.

Vi bed om at NVE stiller krav om at utgreiingsprogrammet i praksis;

1.  Supplerer eksisterande opplysningar om naturtypar, vegetasjon og fauna i heile influensområdet, frå austenden av Storevatnet til sjøen, slik at vi kan vere sikre på at saka er så godt opplyst som mogeleg, i tråd med kravet i forvaltningslova.

2.  Gjennomfører ei grundig inventering og evaluering av heile den fosserøykprega elvekløfta ved Gjengedalsfossen og dei rike skogane lenger nede langs elva.

3.  Påviser kva som er den faktiske situasjonen for laks i vassdraget, medrekna graden av negative effektar av lakselus og rømd oppdrettslaks.

4.  Gjennomfører ei fagleg verdivurdering av naturen i heile influensområdet.  Det er vesentleg for hovudspørsmålet i konsesjonssaka:  ja eller nei til søknaden. 

Med helsing

Thorleif Jakobsen

leiar