Høyringsfråsegn til planprogram for Måløy sentrum

Naturvernforbundet vil ha gågate i Måløy! I høyringsfråsegn til planprogram for Måløy sentrum seier fylkeslaget at delar av gate 1 må bli gågate og at farten må ned til 40 km/t i den delen av gata som er riksveg. Det må bli samanhengande fortau og gang- og sykkelvegar i sentrum og frå sentrum til boligområdane. Vi ber om at utnytting av fjordvarme i Måløy blir vurdert som alternativ til vindkraft. Bedriftane i kommunen må få tilbod om kildesortering av avfall på same måte som hushalda.

Vågsøy kommune

v/ Arealplanleggjar                                              12.02.2012

HØYRINGSFRÅSEGN TIL PLANPROGRAM – OMRÅDEREGULERINGSPLAN FOR MÅLØY SENTRUM

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har sett på den framlagte planen, og vil kome med følgjande merknader:

Generelt:

I hovudsak ser det ut som planen er eit godt utgangspunkt for arbeidet med å få til ei heilskapleg regulering av Måløy sentrum. Det er gått grundig inn på ulike problemstillingar og peikt på kor det er naudsynt å gjere noko i forhold til noverande situasjon. Samtidig veit vi at kommunal økonomi og politisk vilje ikkje alltid fører til at slike planar blir gjennomførde. Det er nok å vise til skjebnen til tidlegare reguleringsplaner for Måløy sentrum nemnt i planen sitt punkt 3.5.9. Naturvernforbundet vil peike på viktigheita av at den framlagte planen lir ei betre skjebne enn tidlegare planer, og at den blir brukt som aktivt og overordna styringsverktøy ved mellom anna utbyggingssaker i sentrumsområdet. Kommunens ressursbruk kjem og i eit merkeleg lys om det berre blir produsert papir som ikkje blir nytta når utviklinga av sentrum skal gjennomførast i praksis. Det er veldig positivt at kommunen har engasjert arkitektar/landskapsarkitektar til å sjå på kva som kan gjerast for å få ei god sentrumsutvikling i Måløy.

Kommentar til einskilde tema i planen:

Avgrensing av transportbehov:

Det er avgjerande viktig at det blir laga ei plan for eit samanhengande gang- og sykkelvegnett/fortau i  sentrum. Dette nettet må også bli knytt saman med tilsvarande nett ved tilkomstvegane til sentrum, (Måløybrua og vegane i  retning mot Raudeberg, Halnes og dei andre  bygdene på Vågsøya) i samarbeid med respektive vegmyndigheit. Det vil då vere mogleg å redusere biltrafikken. Dette vil vere eit av bidraga frå kommunen i kampen for å redusere klimagassutsleppa og komande havnivåstiging som er nemnt som eit problem det må bli tatt omsyn til i punkt 7.2 i planen.

For mange er det ikkje eit alternativ til biltransport å gå eller sykle, særleg ikkje frå bygdene omkring Måløy. Når ver og føre gjer det vanskeleg å kome seg fram til fots eller med sykkel må det og vere eit tilbod for å kome seg til og frå sentrum med kollektivtransport, noko som vil redusere biltrafikken og behovet for parkeringsplassar i sentrum. Areal til parkering vil elles okkupere område som kan bli nytta til andre føremål som grøntareal, leikeareal, gang- og sykkelvegar og utviding av eksisterande fortau til naudsynt breidde. For at alle, også rørslehemma, skal kunne nytta fortau er det naudsynt å runde av kantane ved vegkryss og laga samanheng i fortau der dette manglar i dag. Ei ekstra utfordring oppstår der eldre bygningar stikker langt fram mot vegbanen. Dette kan dreie seg om verneverdige hus som ein ikkje kan/må flytte/rive. Ei mogleg løysing kan vere innsnevring av vegen forbi slike bygg. Dette kan då bli brukt som fartsdempande tiltak i kombinasjon med til eksempel fartsdumper. Slike fartsdempande tiltak kan bidra til å gjere det tryggare og meir triveleg for dei mjuke trafikantane.

For å auke trivselen i byen bør det og bli laga til gågate i ein del av gate 1, mot sør så nært som mogleg til «spiralen» og nordover til krysset med riksvegen mot Raudeberg. På denne strekninga må all biltrafikk bli forbode, med unnatak av naudsynt varetransport og kollektivtrafikk.

Kryssingspunkt for mjuke trafikantar må det vere ved alle vegkryss og elles med jamne mellomrom på lengre strekningar utan vegkryss. Fotgjengarfelt som tidlegare er tatt bort, må bli merka opp på nytt for at mjuke trafikantar skal vere trygge ved kryssing av vegane. Om vegmyndigheit ikkje meiner dette er trygt, må fartsgrensa ned i kombinasjon med fartsdempande tiltak. Senking av fartsgrensa til 40 på riksvegar gjennom sentrum har blitt gjennomført med hell andre stader. Det er ingen gode argument for at trafikken må halde større fart i eit sentrumsområde med stort innslag av mjuke trafikantar.

Strandsone:

Etablering av gangpromenade langs sjøen vil vere viktig for trivsel i sentrum. Samstundes må ein sjå dette i samanheng med det som er igjen av eldre bygningar langs sjøen. Mange eldre bygningar har blitt borte tidlegare, og det er viktig å ta vare på det som er igjen av det som har vore ein del av Måløy sin eigenart, med sterke band til sjøen og fiskeriene. I tilfelle der eldre bygningsmasse ligg heilt ned til sjøen, kan ein eventuell gangpromenade bli lagt på pilarar på sjøsida av bygningane. Det er og sjølvsagt at ved utfylling av område i hamna, må ein promenade vere ein naturleg del av planlegginga, og eit vilkår for utfyllinga og utbygging på området.

Sidan dette er ein plan for det allereie utbygde sentrumsområdet i Måløy, finn Naturvernforbundet ikkje grunn til å uttale seg om utbygging i 100-metersbeltet langs sjøen. Unnataket er Moldøen, der ein har eit etablert, mykje nytta friluftsområde som fortsatt må bli verna mot vidare utbygging.

Biologisk mangfald:

Naturvernforbundet støtter opp om at det vetle som er av biologisk mangfald i sentrumsområdet blir tatt vare på. Dette ser det ut til å vere lagt opp til i planen. Eiketrea på Moldøen, som er nemnt i planen, må bli teke vare på. Det er ikkje sagt noko om tre i andre parkområde i sentrum. Enkelte tre her er og av ein slik storleik og type at dei må få stå, både av estetiske grunnar, men og fordi mange artar av fuglar og insekt med meir er avhengig av slike tre. Opne grøntareal som i dag er utan tre, kan ein vurdera å plante til med enkelte tre som i framtida kan gjere sentrumsområdet rikare (for eksempel området nord om «bedehusbakken»).

Energibruk/-planlegging og avfall:

Med Måløy sin lokalisering ved sjøen, må det bli lagt til rette for utnytting av fjordvarme slik ein med hell har gjort andre stader (eksempel Nordfjordeid). Dette vil vere ei mykje mindre kontroversiell (og sikkert billegare) måte å skaffe energi på enn ved å plassere vindmøllar på kvart einaste fjell som er meir eller mindre tilgjengeleg for slikt.

Varmekraftverket som i fleire år har vert planlagt ved Ulvesundet vil og kunne vere eit positivt bidrag til å skaffe energi, i den grad at for lite energi er eit problem, det er heller feil utnytting av eksisterande energiproduksjon og mangel på energiøkonomisering som utgjer eit problem i dag. Men som eit bidrag til å redusere mengda av deponert avfall og bruk av fossilt brennstoff, vil eit varmekraftverk vere nyttig. Langveges transport av avfall, i nokon tilfelle heilt ut av landet, bidreg i dag i unødig grad til utslepp av klimagassar. For å redusere mengda av avfall til depot har kommunen ytt eit viktig bidrag gjennom å gå inn i NOMIL-samarbeidet og slik få til større grad av kjeldesortering i hushalda. Eit viktig skritt vidare ville vere å gje eit tilbod overfor verksemder  i kommunen som i dag må gå inn i eigne avtalar med avfallsselskap om henting av avfall som ofte ikkje er sortert i stor nok grad. Her er det mykje å hente på ei skikkeleg sortering og mindre transport.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane ber om at innspela i høyringsfråsegna vil bli tatt med vidare i planprosessen, og at fråsegna vil gje eit positivt bidrag i arbeidet med å få til ei utvikling av Måløy sentrum som kommunen og innbyggjarar kan vere godt tente med.

Med von om ei god utvikling for Måløy sentrum i framtida.

For Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Torleif Jakobsen                                             Ove T. Eliassen

Leiar                                        Varamedlem