Høyringsfråsegn til planprogram: Kommunedelplan for ytre fjordkryssing Nordfjorden 13.05.2012

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ein bør sjå på andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet av Vågsøy kommune.

Vågsøy kommune

Dokumentet er kun sendt elektronisk til post@vagsoy.kommune.no.                            

13.05.2012

HØYRINGSFRÅSEGN TIL  PLANPROGRAM:

KOMMUNEDELPLAN FOR YTRE FJORDKRYSSING NORDFJORDEN

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har sett på planprogrammet og vil kome med følgjande uttale:

45-MINUTTSREGIONEN OG KYSTVEGEN

Den såkalla 45-minuttsregionen Måløy – Svelgen – Florø må ein sjå som ein del av kystvegen Ålesund – Bergen. Det er då spørsmål om kor teneleg det er at denne gjer ein sving om Måløy, sjølv om den då betre vil svara til nemninga kystveg. Frå Naturvernforbundet sin ståstad må ein sjå på naturinngrepa, særleg i nye, tilnærma urørde område. Ein må og unngå unødige inngrep i område med store kulturminneverdiar. Spesielt må vi framheva Rugsundøy, men og Vemmelsvik og Angelshaug har potensiale for rike kulturminne.

STORT KONFLIKTPOTENSIALE!

Det er sagt i planen at Ørnevika på Rugsundøy er registrert som INON-område 1-3 km frå næraste tekniske inngrep. I tillegg kjem at vestre delar av Rugsundøy er særskild rik på kulturminne heilt frå eldre steinalder og fram til vår tid. Konfliktpotensialet er stort både i planlagt vegtrase og i ferjekaiområdet. Likevel er Ørnevika satt opp som einaste alternative ferjeleie på sørsida av fjorden. Naturvernforbund ser med stor bekymring på nedbyggingen av inngrepsfri natur (INON)

som foregår stikk i strid med nasjonale målsetninger. INON-områda har dei seinaste tiåra blitt redusert kraftig, og vil bli ytterlegare redusert om ein skal følgje planen og liknande planar rundt i landet. Naturvernforbundet meiner det er på tide å tenkje nytt mens det enno er igjen urørde område, og krev difor at det blir utreda alternativ der konfliktnivået er lågare.

PLASSERING AV NYE FERJELEIE

1.  Angelshaug / Biskjelsneset / Vemmelsvika – Ørnevika

Naturvernforbundet er sterkt kritisk til plassering av nye ferjeleie i nemnte område i Vågsøy og Bremanger kommune. På nordsida av fjorden vil det føre til store inngrep i område av Vågsøy kommune som har lite inngrep frå før. Det er stor skilnad på ein lite trafikkert bygdeveg som ligg naturleg i terrenget, og ein brei asfaltert tofeltsveg med midtstripe som tar mindre omsyn til terrenget og folk som bur i området enn bilane som skal bruke den. Indre del av Skavøypoll vil på det næraste bli rasert om vegen skal følgje kommunal veg frå Nygård og krysse over Straumen (alternativ 1). Dei som bur langs den kommunale vegen frå Nygård har allereie vegen tett innpå seg og har klaga på stor fart. Dette vil bli mykje verre med riksveg på strekninga og enkelte som held stor fart for å rekke ferja. I alternativ 2 vil ein få ei stygg vegskjering under Blåfjellet som truleg vil bli synleg frå store område med tett busetnad. I tillegg kjem, som sagt i planen, at vegbygging i så skrått terreng byr på store utfordringar. Sikring av vegen mot ras er truleg ein stor del av problemstillinga. Ein skulle tru at utfordringane er store nok i dag med å sikre eksisterande vegnett mot ras, om ein ikkje også skal byggje nye vegar som ein må leggje store ressursar i å sikre allereie i byggjeperioden, og kanskje også vil slite med i framtida med omsyn til ras.

Området Vemmelsvik og Angelshaug må og bli verna mot dei inngrepa ein ny veg vil lage. Busetnaden og kulturlandskapet med moglege automatisk freda kulturminne tilseier at ein må fare varsamt fram. Einaste løysinga i området, som Naturvernforbundet kan godta, er om det blir lagt tunnel på det meste av strekninga frå Almenningsfjellet til det nye ferjeleiet som berre kan ligge på Biskjelsneset, der kommunen har planar om framtidig hamn med djupvasskai (ein føresetnad for ei slik hamn er sjølvsagt vegutløysing). Då vil ein konsentrere inngrepa rundt Biskjelsneset og spare Vemmelsvik og Angelshaug for unødige inngrep. Men uansett må ein rekne med at ein del av trafikken austfrå til Biskjelsneset vil gå om den gamle vegen langsmed fjorden, frå Almenningen via Verpeide og Angelshaug. Auka trafikk her vil mest truleg etter kvart tvinge fram utbetringar av denne vegen, med dei inngrepa dette inneber. Ein del av problemet med auka trafikk kan ein kanskje avbøte med å leggje restriksjonar på trafikken på fjordvegen (aksellast, fartsavgrensing mm).

På sørsida av fjorden vil ei evt. fjordkryssing ende opp på vestre del av Rugsundøy. Med den store tettheita av kulturminne ein har her, vil det tilseie at ein fer svært varsamt fram. Allereie ved det tenkte ferjeleiet i Ørnavika støyter ein på dei første kulturminna. Om Rugsundøy skal få nytt ferjeleie, vil Naturvernforbundet tilrå at ein ser etter mogleg lokalisering lengre aust mot Strandaneset – Strandavika, der ein kanskje kan unngå konflikt med kulturminne og kan føre vegen meir eller mindre rett inn i tunnel (ein føresetnad er sjølvsagt at ein løyser problemet med oppstillingsplass og at botnforholda er gode). Tunnelen må i alle fall bli lagt mest mogleg i retning Hamnen, og ført fram til kryssing med vegen nærast mogleg opninga til Skatestraumstunnelen. Naturvernforbundet forventar og at evt. tunnelmasse blir køyrd vekk etter kvart og ikkje lagt i deponi/fylling på Rugsundøy, noko som kan øydeleggje  kulturminne og skjemme det spesielle kulturlandskapet.

2.  Andre alternativ.

Naturvernforbundet ber om at ein vurderer å leggje den nye ferjestrekninga lenger aust der vegen på nordsida allereie går nært fjorden. På sørsida vil dette innebere utbetring av vegen vestover mot og i området ved Rugsundet. Utfordringa blir å finne veleigna plass for ferjeleie både på nord- og sørsida, med ingen eller liten grad av konfliktar. Strekninga Krokpollen – Elde har blitt nemnt, men andre alternativ må og bli vurdert (Kalvneset som allereie har store inngrep?). At 45-minuttsregionen blir ein 50- eller 55-minuttsregion må telje lite i denne samanhengen. Ferjestrekninga blir ikkje vesentleg lengre og vegen mellom Måløy og Maurstad har i dag jamn, bra standard. Val av ferjestad må og bli sett i samanheng med stad for evt. framtidig bru over ytre del av Nordfjorden.

Det største problemet med å leggje ferjestrekninga for langt aust, blir i forhold til Husevågøy, som i så fall fortsatt må få ferjesambandet sitt til Måløy, same ferje kan neppe tene både Husevågøy og til eksempel Krokpollen – Elde. Men med ei evt. framtidig bru må Husevågøy uansett fortsatt behalde ferja, og då er einaste rimelege alternative strekning til Måløy. Dette tilseier at Måløy må bli oppretthaldt som ferjestad for at Husevågøy også i framtida skal ha eit tilbod.

KONKLUSJON

Naturvernforbundet vil på det sterkaste tilrå at ein ser på andre alternativ for fjordkryssing enn dei som er lagt fram i planprogrammet. På nordsida må ein unngå inngrep i områda Vemmelsvik og Angelshaug både av omsyn til eksisterande busetnad og moglege kulturminne. Vestsida av Rugsundøy er svært rikt på kulturminne, og må bli spart for unødige inngrep, i tillegg til at ein må unngå tekniske inngrep i INON-områda.

Thorleif Jakobsen                                                         Ove Eliassen

Fylkesleiar                                                                   Styremedlem