HØYRINGSUTTALE OM NASJONAL TRANSPORTPLAN

Auka råme må leggjast til grunn for utbygging av gang- og sykkelvegar.

Forum for natur og friluftsliv i Sogn og Fjordane (FNF) er kjend med at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal handsama forslag til Nasjonal transportplan (NTP) 2014 – 2023. Me vil minna om at tilrettelegging for gåing og sykling er ein viktig del av NTP og ber fylkeskommunen ivareta dette i høyringsuttalen sin.

Gåing og sykling er miljøvenleg og helsefremjande transport som må takast på alvor i ein moderne samferdselspolitikk. Redusert bilbruk er naudsynt for å nå nasjonale mål om reduserte klimagassutslepp og for å minska lokal luftureining, særleg i byar og tettstadar. Inaktivitet er ein av dei viktigste årsakene til livsstilsjukdomar, med redusert trivnad og helse for den enkelte, og enorme kostnadar for samfunnet. Helsedirektoratet la i mars fram tal som viser at viss to millioner nordmenn går eitt kvarter meir kvar dag i litt raskt tempo, vil det gi samfunnet ein gevinst på 50 milliarder kroner i året (helsedirektør Bjørn Inge Larsen til NRK 22. mars 2012).

Det er tilrettelagt 2.300 km for gåing og sykling langs riksvegnettet, og det er i følgje NTP behov for ytterlegare 1.700 km. Innan planteknisk råme vert det føreslege 300 km med nye gang- og sykkelvegar i planperioden. Det betyr at det vil ta 51 år før behovet for gang- og sykkelvegar langs riksvegnettet er dekka. Det er uakseptabelt. FNF Sogn og Fjordane meinar at råma må aukast med 45 %, noko som vil bety 580 km nye gang- og sykkelvegar. Me vil be om at fylkeskommunen følgjer opp dette i høyringsuttalen sin.

FNF Sogn og Fjordane har merka seg ei rekkje positive tiltak og forslag for å styrka gåing og sykling i utkastet til NTP, som vi ber fylkeskommunen støtte opp om og gjerne konkretisere for regionen vår:

·        Eit breitt samarbeid mellom staten, fylkeskommunane, kommunane, skuleverket, næringslivet, reiselivet, idretten og andre for å byggja ein kultur der gåing og sykling blir eit naturleg transportval for fleire enn i dag. Etter vårt syn burde friluftslivet vore nemnt spesielt som viktig aktør i eit slikt breitt samarbeid.

·        Transporttiltak for styrka reiseliv bl.a. gjennom nasjonale turistvegar. Me viser blant anna til at det her er eit aktivt samarbeid med fleire friluftsråd i andre fylke, som bidreg til å gjera natur- og friluftsperler godt tilgjengelege for både tilreisande og fastbuande.

·        Det heiter i NTP at det er viktig at kommunar og fylkeskommunar vedtek mål om og legg til rette for meir gåing og sykling. FNF støttar dette fullt ut. Arbeidet med utbygging av turvegar for friluftsliv må sjåast i samanheng med anlegg av gang- og sykkelvegar for transport. FNF deltek gjerne i eit vidare samarbeid.

·        Det vert førslege ei ny tilskotsordning for tilrettelegging av hovudnett for sykling langs kommunale og fylkeskommunale vegar for byar og tettstadar som ikkje kjem inn under forslaget om bypakkar. FNF Sogn og Fjordane meinar at eit slikt forpliktande samarbeid om sykkelsatsing er aktuelt for fleire kommunar i fylket.

·        Utvida tilskotsordning for tilgjenge for alle, kombinert med tiltak for gåande og syklande. Me er einige i at arbeidet for universell utforming og godt tilgjenge er viktig og må støttast med særskilte tilskotsmidlar.

FNF Sogn og Fjordane vil retta særleg merksemd mot trygge skulevegar slik at barn og unge kan gå og sykla til skulen. Me støtter heilhjarta opp om målet om at minst 80 % av av barn og unge skal gå eller sykla til skulen. Det bør løftast opp som eit sentralt mål i NTP, og krev tett samarbeid mellom kommune, fylkeskommune og stat for realisering.

Frå vår ståstad har me også merka oss at «Statens vegvesen skal være en pådriver for å realisere de nasjonale sykkelrutene, og å bidra til å utvikle tilbudet til fritidssykling i nært samarbeid med fylkeskommuner, kommuner, reiselivsnæringen, friluftsorganisasjoner og andre.» Me er gjerne med som aktiv samarbeidspart for å realisere dette i vår region.

FNF Sogn og Fjordane vil streka under at arbeidet med å leggja til rette for gåing og sykling som del av transport, må ein sjå i samanheng med å leggje til rette for gåing og sykling på fritida som del av friluftslivet. Det er mange synergieffektar. Miljøverndepartementet arbeidar med nasjonal handlingsplan for friluftsområde der ein bl.a. skal registrera eksisterende, og peika på behov for nye viktige ferdselsårar, som kyststiar og pilegrimsleier. Direktoratet for naturforvaltning har ei særskilt nærmiljøsatsing der flere av pilotprosjekta fokuserar på lett tilgang til turvegar i og frå bustadområde til friluftsområde. For gjennomføring av nasjonal gåstrategi og nasjonal sykkelstrategi, særleg i forhold til det holdningsskapande arbeidet, er eit breitt samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå naudsynt.

Leikanger 26.4.2012
Med venleg helsing                                                              


Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane                       Sogn og Fjordane Turlag, Naturvernutvalet Einar Skram Husabø                                                                               Ron Overdevest                                     
koordinator                                                                                     leiar

4H Sogn og Fjordane                                                                            Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Åge Avedal                                                                                      Thorleif Jakobsen
leiar                                                                                                    leiar