Innspel til ”Kommunedelplan trafikk Førde sentrum” frå Naturvernforbundet.

Sykkelgruppa har på vegne av Naturvernforbundet drøfta den framlagde Kommunedelplan for trafikk Førde sentrum, og vil i det følgjande kommentera dei ulike forslaga som ligg føre, og i tillegg komma med tilleggsforslag/alternative forslag.

Førde kommune   22.5.2013

Innspel til ”Kommunedelplan trafikk Førde sentrum” frå sykkelgruppa i Naturvernforbundet.

Generell kommentar:

Vi har eit generelt ynskje om at biltrafikken i Førde sentrum ikkje skal bli større enn naudsynt, og at både vegløysingar og andre verkemiddel (P-avgift, bompengar m.m.)må sjåast på i samanheng. Det er eit politisk ynskje i Førde kommune om at Førde skal halda fram sin vokster som senter i Sunnfjord, og med det veit ein at trafikken også vil auka. Då vert det eit overordna spørsmål om korleis denne trafikken skal avviklast, og om det er mogleg  både å avgrensa og styra biltrafikken slik at Førde sentrum vert triveleg og godt tilgjengeleg for sentrumsbuarar og mjuke trafikantar. Med høg prioritering av framkomelegheit for mjuke trafikantar av alle slag, vil Førde med rette kunna kalla seg ”Sykkelbyen”, og  Førde vil leggja til rette for betre miljø og folkehelse.

Kommentar til vegforslaga:

Vi meiner at ei løysing med ein ringveg vil vera beste måte å leia biltrafikken utanom sentrum på; på denne måten vil berre dei som har ærende i sentrum køyra bilen dit, og dei som skal til andre deler av Førde (Sentralsjukehuset, Brulandsvellene, gjennomgongstrafikk frå RV 5 etc.) vert slusa utanom.

Vi stiller oss tvilande til prioriterte vegløysinga der ein vil avlaste noverande E 39 med å leie trafikken over Indre Øyrane og vidare opp Angedalsvegen og med bru over til Hafstad bydel. Denne løysinga inneber sterk auka biltrafikk i eit sårbart sentrumsområde heile vegen frå Indre Øyrane, forbi Helsetunet og andre publikumsbygg, og vidare gjennom ”Domus-krysset” og opp nedste del av Angedalsvegen, der det i dag er betydeleg med busetnad.

Sjøhola som kulturminne vil også verta forringa med denne løysinga.

Det er også ulemper ved at trafikken vert lagt tett opp mot festplassen og Førdehuset, som begge er viktige arenaer der barn og vaksne skal ha sine fritidsaktivitetar.

Ein slik planlagt gjennomgongsveg er lite foreinleg med auka bustadfortetting i Førde sentrum og med framtidig bygging på Indre Øyrane. Det er og ein reell fare for at trafikkauke mellom Førdehuset og sentrum vil føra til at bilistar i auka grad vel Kyrkjevegen som avlastingsveg, noko som den er ueigna til.

Vi meiner at ringvegløysinga med tunnel i Hafstadfjellet (stipla på kartet) vil vera ei betre løysing med tanke på å leia mest mogleg av trafikken som ikkje må inn i sentrum, utanom sentrum. Vi ser føre oss eit innslag på Steinavegen, slik at tunnelen då vil gå under noverande kryss med E 39. På denne måten får ein løyst trafikkproblemet i dette vanskelege krysset i tillegg til at gjennomgongstrafikk frå både RV 5 og 609 vert leia utanom sentrum via bru som innteikna over til Halbrendsøyra.

Ein slik tunnel vil også vera eit reelt alternativ for trafikk som skal til og frå sentrum; viss vegsystemet i sentrum ikkje innbyr til mykje biltrafikk (t.d. ved eigen sentrumsbomring, fartsreduserande tiltak m.m.), vil tunnel vera det beste og raskaste  alternativet for trafikken til og frå, sjølv om den er lengre i meter. (Vi ser eit godt døme på tilsvarande høve etter at Angedalsvegen fekk fartsdumpar og nedsett fart; dei fleste som kjem frå Slåttenområdet vel vegen over Vie og Kronborg sjølv om vegen til sentrum er lengre der). På denne måten vert eksisterande vegar (Storehagen, Fjellvegen) avlasta, og det er ikkje lenger så stor ulempe at nye sykkelvegar vert lagt langs eksisterande bilveg i sentrum.

Austlege inngong til tunnelen kan og med fordel flyttast lenger aust på Hafstadflata i nærleiken av planlagt ny E 39. Tunnellen må då knytast saman med arm mot Storehagen bru og ut mot rundkøyringa ved Rema 1000 på Hafstad. Tunellen som ligg inne som uprioritert i dag er altfor kort til å gje noko god avlastningseffekt.

Skal ein knyte Indre Øyrane mot sentrum bør ein heller bygge parallellveg med Naustdalsvegen på andre sida av handelshuset slik det har vore på planar tidlegare.

Kommentar til sykkelvegløysingane:

Den framlagde planen legg til rette for betre tilhøve for gåande og syklande til og frå Førde sentrum.

Det er ei ulempe at sykkelvegar fleire stader vert lagt langs med strekt trafikerte bilvegar (Fjellvegen, Storehagen, Hafstadvegen, Angedalsvegen), og det ville vera tenleg å sjå på løysingar som endrar dette.

Vi forstår det slik at den føreslegne omarbeidinga av Angedalsvegen vil bli veldig kostbar, og vi vil difor føreslå mindre omlegging her til fordel for andre løysingar:

Ei god løysing ville vera å prioritera sykkelveg som framhald av dagens gangveg mellom Anga og Høgskulen i retning rett sørover. Her vert denne sykkelvegen møtt av sykkelveg frå nordsida av Viebrua med retning nordvest.  Der sykkelvegane møtest, eit stykkje søraust for Sentralsjukehuset, kan det gå bru over Jølstra med vidareføring av sykkelveg til den møter den innteikna blå sykkelvegen der den gjer ein sving mot søraust. Med denne løysinga vil syklande frå heile Slåtten skulekrins inkl. Viebøen, Vieåsen, Hatlehaugen og bustadfelta langs Anga etc få ein sykkelveg i nærmast rett line mot sentrum via Hafstad Idrettspark.  Då unngår ein problematikken kring Presteholmen, og behovet for stor utbygging av Angedalsvegen vert mindre. Denne løysinga vil vera like tenleg for alle syklande og gåande mellom Vieområdet og Idrettspark og sentrum, både til turbruk og transport.

Sykkelveg til badeplass:

På folkemøtet vart det nemnt, kanskje på spøk,  at det er lettare å flytta badeplassen nærmare sentrum, enn å byggja sykkelveg til Erdalen. Dette er eit godt forslag! Det er godt eigna for bading ved neset som stikk lengst ut mot  sørvest  utom Hornnes-tunnelen, og den gamle vegen er eit godt utgongspunkt for ny sykkelveg. Så kan dei syklande bada der, og dei køyrande i Erdalen!

Oppsummering:

Vi håpar at våre innspel vert tekne på alvor og tekne med i den politiske prosessen vidare, og at kommunen tek seg den tida som trengs for å få vurdert alle alternativ så godt som råd før vedtak vert fatta; det må vera betre å utsetja vedtaka enn å gå for løysingar viss ikkje alle alternativ er godt nok vurderte.

Førde 22.05.13.

For Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord

Asle Sande

Leiar i sykkelgruppa