Innspel til Oppland fylkeskommune om Ottadalsområdet

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane bed om at forbod mot snøskuterløyper blir ein del av planen for Ottadalsområdet.

Oppland fylkeskommune                                                                       22.01.14

Fråsegna vert berre sendt elektronisk til: Postmottak@Oppland.org

Innspel til Regional plan for Ottadalsområdet, 2. gongs høyring

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane viser til at det i planutkastet vert sagt at motorferdsel er lite utbreidd i planområdet. Vi er glade for at kommunane har hatt ein restriktiv praksis med å gje løyve til slik ferdsel. Når det no kan gå i retning av ein meir liberal statleg motorferdselspolitikk, kan det likevel vere grunn til å presisere at det vil vere i strid med planen å opprette snøskuterløyper inn i villreinområdet, sjølv om reglane for dei formelt verna delane har klare nok forbod der. Det må også, etter vår oppfatning, vere slik at skuterløyper ikkje kjem i konflikt med etablerte skiløyper i fjellet.

Med helsing

Thorleif Jakobsen (sign)

  -leiar-