Kjære politikarar i Kinn kommune

Vi vil med dette oppmode dykk til å stemme mot utbygging av Måsholmen – eller som eit minimum stemme for utsetjing av saka.

Industri i Gunhildvågen, der det er ønskjer om å sprenge ut Måsholmen for etablering av industriareal. Foto: Rune Helland

Fredag 23. januar vart vi i Naturvernforbundet i Kinn gjorde kjende med at Måsholmen i Florø blir tilrådd fullt utbygd, og at saka kjem opp i kommunestyret allereie torsdag 29. januar. Vi reagerer både på innhaldet i tilrådinga og den korte tida som er sett av til politisk behandling.

Vi vil med dette oppmode dykk til å stemme mot utbygging av Måsholmen – eller som eit minimum stemme for utsetjing av saka.

Saka vekte breitt folkeleg engasjement sist ho var oppe, og motstanden blant innbyggjarane er framleis stor. Dette er ikkje berre ei sak om eitt enkelt utbyggingsprosjekt, men om kva retning Kinn kommune skal ta når det gjeld naturforvaltning, lokaldemokrati, kommuneplanlegging og økonomisk ansvar.

Sabima si nasjonale rangering Naturkampen 2025 plasserer Kinn kommune på sisteplass i Vestland fylke og heilt nede på 327. plass av 357 kommunar i landet. Rangeringa dokumenterer eit svært høgt forbruk av naturareal over tid og svak måloppnåing innan naturforvaltning. Dette burde vere ei tydeleg åtvaring mot vidare nedbygging av natur – ikkje eit bakteppe for å godkjenne nye irreversible inngrep.

Ubygginga av Måsholmen står i klar konflikt med overordna mål i kommunedelplanen sin samfunnsdel og arealdel, som no er ute på høyring. Prinsipp om arealnøytralitet, fortetting og effektiv bruk av allereie utbygde område blir undergravne dersom nye naturareal blir vedtekne utbygd no. Å fatte vedtak i denne saka før kommuneplanen er ferdigstilt, vil svekkje både truverdet til planarbeidet og tillitten til kommunen si langsiktige styring.

Vi er òg uroa over ei utvikling der utbyggjarar får stadig større innverknad, medan innbyggjarane si stemme blir svekka. Forsking frå Vestlandsforsking peikar på ei slik maktforskyving, der natur og klima taper for kortsiktige økonomiske interesser. Mange opplever Måsholmen- saka som eit tydeleg døme på dette. 

Det fins reelle moglegheiter for næringsutvikling utan vidare bit-for-bit-nedbygging av natur. Næringsareal og framtidig utviklig må vurderast i ein heilskapeleg samanheng, der fortetting, arealeffektivisering og betre utnytting av eksisterande og framtidig frigjorde areal (t.d. som resultat av nedgang i oljerelatert aktivitet) står sentralt. Dette føreset samarbeid på tvers av næringsaktørar og ei tydeleg prioriteringa av arealnøytralitet. Å ta i bruk nye naturareal no, utan ei slik samla vurdering, bryt med både nasjonale føringar og kommunen sine eigne mål.

Eit sentralt poeng er også at både losar og skipskapteinar peikar på Botnastranda med kai G som ei overlegen løysing, også når det gjeld maritim tryggleik. Samstundes er dei økonomiske konsekvensane for kommunen mangelfullt utgreidd og inneber betydeleg risiko. 

Til sist vil vi minne om det ansvaret de har overfor ungdom og framtidige generasjonar. Fleire unge har tidlegare bedt dykk om å utsetje saka og ta ansvar for framtida. Avgjerda de no står overfor, bind dei som skal leve lengst med konsekvensane. 

Vi vil understreke at dette ikkje handlar om å vere for eller mot næringsutvikling, men om å sikre lovleg, forsvarleg og kunnskapsbasert saksbehandling. Forvaltningslova krev at saka er tilstrekkeleg opplyst før vedtak blir fatta. Det manglar ei heilskapeleg vurdering av naturmangfald, samla belastning, maritim tryggleik og kommunal økonomisk risiko.

Naturmangfaldslova krev at føre-var-prinsippet, samla belastning, miljøforsvarleg lokalisering og ansvarsplassering for miljøforringing blir vurdert tydeleg, jf. §§ 9 – 12. Dette er ikkje tilfredsstilande gjort i saka slik ho ligg føre. 

Oppsummering av våre hovudpoeng:

  • Saka er lagt fram med svært kort behandlingstid, moko som gjer det krevjande for både politikarar og innbyggjarar å setje seg grundig inn i konsekvensane før vedtak blir fatta. 
  • Måsholmen- utbygginga er i strid med mål i kommuneplanen om arealnøytralitet, fortetting og bruk av eksisterande næringsareal. 
  • Kinn kommune ligg på sisteplass i Vestland fylke og på 327. plass av 357. Kommunar i Noreg i Sabima si rangering Naturkampen 2025, noko som dokumenterer eit svært høgt naturforbruk over tid. 
  • Næringsutvikling og arealbruk må sjåast i samanheng, med vekt på fortetting, arealeffektivisering og samarbeid på tvers av aktørar for å sikre arealnøytralitet, framfor vidare bit-for-bit-nedbygging av natur.
  • Både losar og skipsførarkapteinar vurderer Botnastranda med Kai G som ei overlegen løysing, også med omsyn til tryggleik.
  • Dei økonomiske konsekvensane for kommunen er mangelfullt utgreidde og inneber betydeleg risiko.
  • Krav i forvaltningslova og naturmangfaldlova er ikkje tilstrekkeleg oppfylte.
  • Saka reiser alvorlege spørsmål om ansvar overfor ungdom og framtidige generasjonar.

På dette grunnlaget ber vi dykk stemme mot utbygging av Måsholmen, eller stemme for utsetjing slik at saka kan bli behandla på eit juridisk trygt, fagleg og fullstendig og demokratisk forsvarleg grunnlag.

Med helsing                            

Naturvernforbundet i Kinn