Klage tilsendt Førde kommune per 29. mars, 2012
Klage sendt i lag med FNF – Forum for natur og friluftsliv – og Sunnfjord Kajakklubb i høve dispensasjon for utfylling utenom reguleringsplan på Ytre Øyrane
Til
Førde kommune, Byggesak og arealforvaltning,
Postboks 338, 602 Førde
Sendes kun elektronisk til; postmottak@forde.kommune.no
Kopi ; fmsfpost@fylkesmannen.no Leikanger 29.03.2012
Klage på vedtak – dispensasjon frå reguleringsplan Ytre Øyrane nordre del
Viser til varsel om vedtak – dispensasjon frå reguleringsplan Ytre Øyrane nordre del gnr. 21/569 og mottak av brevet hjå FNF 08.03.2012, og svarfrist satt til 29.03.2012.
Vi vil hevde at vilkåret for dispensasjon og naturmangfaldlova sine krav til sakshandsaming, ikkje er oppfylt. Reguleringsplanen dispensasjonen kviler på, er ikkje tilstrekkeleg opplyst i planprosessen. Konsekvensutredning (KU) og tilhøvet til Naturmangfaldlova er ikkje tilstrekkeleg behandla verken i reguleringsplanen eller i dispensasjonsvedtaket. Tiltaket er i strid med forureiningsforskrifta og statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjø av 25.mars 2011. Fylkesmannen har i tidlegare utbyggingssaker, vert lojale mot kommunen sine ynskjer om arealforvaltning, men nye forsterka verkemidel som kommunane vart gjort kjent med under plansamling i Førde 4. og 5. oktober 2011, bør påminnast i denne saka. I høve tema som konsekvensutgreiingar etter plan-og bygningslova, dispensasjonspraksis og strandsoneforvaltning, er dette ei god eksempelsak på forvaltning i strid med gjeldande regelverk. Saka bør sendast tilbake til kommunen til ny vurdering etter gjeldande regelverk.
Tiltaket vil vi også hevde er i strid med Naturmangfaldlova § 1. ,4. og 5 i det tiltaket vil øydelegge for mangfaldet av naturtypar innanfor det naturlege utbredingsområde og med det artsmangfald og dei økologiske prosessane som kjenneteiknar området som her skal fyllast ut. Tiltaket vil kunne påverke økosystemet sine funksjonar, struktur og produktivitet, og konsekvensane av tiltaket er ukjent.
Bruk av naturmangfaldlova er ikkje oppfylt
Alle reguleringsplanar som KAN ha vesentleg konsekvens for Miljø og Samfunn skal konsekvensutredast, og vi vil hevde at det er gjort ein saksbehandlingsfeil som bør lede til at saka kjennast ugyldig, når dette ikkje er gjort. Dispensasjon til utvida utfyllingsområde og kai på 12×11 meter utanfor regulert område, er ei vesentleg endring i byggeområdet som vi vil hevde også omfattast av KU. Viktige naturområder og friluftsliv inngår i kriterier for vurdering av planar og tiltak mht KU-plikt (§ 4). Jamfør Konsekvensutredninger etter Plan- og bygningsloven v/spesialrådgiver Tom Hoel, Plansamling 4.-5.okt. 2011.Vedlegg 8.
Kommunen viser i sin konklusjonen til at prinsippa i §§ 8-12 er vurderte, men med unntak av § 11, kjem det ikkje fram korleis dei er vurderte. I Vedlegg 2; Bruk av naturmangfaldlova i plan- og dispensasjonssaker, og forholdet til KU-forskrifta – kunnskapsbasert arealforvaltning, står det; ”Vi vil her understreke at det ikkje er godt nok å berre vise til at prinsippa i §§ 8-12 er vurderte, men det må gå tydeleg fram korleis dei er vurderte.” Vi legg til grunn for klagen at mangelfull vurdering etter naturmangfaldlova har fått innverknad på vedtaket, og at naturmangfaldet kan verte skadelidande.
Underteikna gav innspel om §§ 8-12 til dispensasjonssøknaden, krava i §§ 8-12 ligg inne i KU-forskrifta i dag, og naturmangfaldlova tydeleggjer desse krava;
§ 8 kunnskapsgrunnlaget
Ein skal ha med alle aktuelle utgreiingstema og framskaffe ny kunnskap som er relevant for å kunne fatte vedtak i saka: vitskapeleg, erfaringsbasert, vurderingsplikt når natur er truga.
Førde kommune viser i høyringa til viktige funn i naturbasen som viser at det i nærleiken av planområdet er eit brakkvassdelta med pusleplantesamfunn, med m.a. raudlistearten dvergsivaks og firling som dominerande artar. Lokaliteten har fått verdi viktig (B) og Direktoratet for natuforvaltning viser til at det beste for naturverdiane er å la området få liggje i fred. Særleg tekniske inngrep og nedbygging/forsøpling/ureining er negativt og er direkte truslar mot levevilkåra for nemnte raudlisteartar. Denne kartlegginga er gjort i 2002, og er den einaste kartlegginga og naturverdien det visast til i saka.
Der føreligg ikkje kartlegging av kva verdiar som ligg til de gruntvannsområda/sjøområda som vil gå tapt som følgje av tiltaket. Kommunen hadde ikkje kjennskap til Ålegrassenga nær utfyllingsområdet, før Naturvernforbundet registrerte denne i 2009. Grunnundersøkingar vedlagt dispensasjonssøknaden, viser at tiltakshavar har brote med forureiningsforskrifta i høve handtering av restmassar på eigedommen. Naturverdiane som ligg til det omsøkte utfyllingsområdet og området i kring, er ikkje kjent, og bør kartleggast.
Kartlegging av botnforhold i 2009 viste nedslamming av store områder kring tilslagskaia til Asfaltverket. Ei utfylling og flytting av tilslagskaia lenger ut, vil gje tilsvarande nedslamming av området utanfor planområdet og dispensert område, med tanke på framtidig lossing av tilslagsmasse ved kai. Konsekvensar av dette er ikkje vurdert. § 8 kunnskapsgrunnlaget er ikkje tilfredstillande opplyst!
§ 9 føre-var-prinsippet
Når det treffast ei avgjerd utan at det føreligg tilstrekkeleg kunnskap om kva verknader den kan ha for naturmiljøet, skal det tas sikte på å unngå mogeleg vesentleg skade på naturmangfaldet. I følgje UNESCO skal føre-var–prinsippet blant anna brukast når ”mulighetene for ødeleggelse er tilstrekkelig stort for nåværende eller for fremtidige generasjoner eller på annen måte moralsk uakseptabelt, og når tiltak vil gjøre det vanskeligere eller mer kostbart å handle senere.”Når menneskelege aktivitetar kan føre til negative konsekvensar som er vitenskapleg sett sannsynlig, men usikker, skal tvilen komme miljøet og menneskjer til gode. Men føre-var-prinsippet er ikkje tatt omsyn til!
§ 10 økosystemtilnærming og samla belastning
Ein skal vurdere dei samla verknadene av planen, dvs. å sjå planen i samanheng med andre planlagde og gjennomførde planar og tiltak i influensområdet. Dette er ikkje gjort! Det føreligg ikkje vurderingar av den samla belastninga indre hamnebasseng har frå forureining frå industri, utfyllingar og planlagde utfyllingar, og de konsekvensar tiltaket vil kunne få for dei biologiske og marine ressursane. (Vedlegg 9)
§ 12 miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar
Ein skal vurdere alternativ lokalisering og avbøtande tiltak. I dispensasjonsvedtaket viser kommunen til at ei utgreiing om alternative kaiområde må skje på eit overordna plannivå, og at Førde kommune vil starte arbeidet i 2012/2013 med å revidere arealdelen, og at det vil vere naturleg å ta denne vurderinga i ein slik prosess.– Dette er lite hensiktsmessig i høve prosess! Med dispensasjon vil urørt strandsone kunne vere tapt før revisjon av arealdelen. Ledig kaiareal i vest bør kunne vurderast som eit alternativt areal for kai, slika at også natur og friluftslivet sine interesser vert ivareteke i planen.
Vilkåret for dispensasjon er ikkje oppfylt
Dispensasjonssøknaden er ikkje tilfredstillande grunngjeve i høve til § 19-1. Vi har i vår merknad påpeika at tiltakshavar ikkje har grunngjeve kvifor dei søker om dispensasjon til å etablere ei ca 11 m brei kai/pir som vil gå ca 12 m utanfor regulert kai, og finn dette heller ikkje grunngjeve i dispensasjonsvedtaket. Planskisse av tiltaket mangla i de utsendte sakspapir og er ettersendt oss i høve denne klagen (Vedlegg 4, side 2). Djupne tilhøva er lagt til grunn for behovet for større utfyllingar i sjø, men da med utgangspunkt i at de ynskjer å plassere tilslagskaien de søker dispensasjon for, nærmast mogeleg friluftsområdet og det grunnaste området i planen, med de konsekvensar dette vil ha for støvflukt inn i friluftsområdet. Val av plassering av tilslagskai på den grunnaste del av planområdet, nærmare kajakk klubben og båthamna, er ikkje grunngjeve. På vedlagte djupne målingar, ser det ut til at ei plassering av tilslagskaien i vest, ikkje vil krevje fyllingar utanom plan eller vil krevje mindre tiltak utanom plan. Når det gis dispensasjon for tiltaket, utan at det føreligg grunngjeving for tiltaket, vil vi hevde at forvaltninga er i strid med § 6. (generell aktsomhetsplikt)
I vurderinga skriv Førde kommune at det ikkje går fram av søknaden kva resten av kaiområdet skal nyttast til og kva type fartøy som skal legge til kaiområdet. Slik vi les dette, ligg det da i dag ikkje opplysningar om kva behov verksemda faktisk har for utviding av industriområde og kaiareal i sjø, og tiltaket er såleis i strid med vilkåret for dispensasjon og strandsonerettleiaren som viser til at det skal vere tungtvegande grunnar for å gje dispensasjon for utfylling i strandsona.
Vi vil hevde at dispensasjonen også er i strid med Pbl. § 19–2, i det fordelane ved å gi dispensasjon skal være klart større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vi finn ikkje noko grunngjeving for de fordelane tiltaket vil ha for verksemda, og kan vanskeleg sjå at fordelane skal være klart større enn ulempene når ein i tråd med § 19–2,legg særleg vekt på tiltaket sine konsekvensar for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit, og nasjonale retningslinjer.
Vi finn det kritikkverdig at det i reguleringsarbeidet ikkje er gjort/ stilt krav om djupnemålingar og grunnundersøkingar. Reguleringsplanen er såleis vedteken til tross for at det førelåg mangelfulle opplysningar om tiltaket i sjø ville vere mogeleg å gjennomføre i høve til plan og utan at det førelåg kartlegging av de naturfaglege verdiane som ville gå tapt som følgje av tiltaket.
Manglande djupnemålingar i reguleringsprosessen viser at planen ikkje er tilstrekkeleg opplyst. Reguleringsplanen for området blei lagt ut for høyring i to alternativ, alternativ A sparte den naturlege strandsona i aust (Vedlegg 5), alternativ B (vedlegg 6) som blei vedteke, hadde utvida fyllingsområde i sjø og nedbygging av heile strandsona i friluftsområdet, med de konsekvensar dette vil få for natur og friluftslivet sine interesser. Djupnemålingar ville ha vist i planprosessen at KUN alternativ B ville gje tilstrekkeleg djupne for djupvasskai i området, og behovet for dispensasjon ville da ikkje ha vert aktualisert. Ved å strekke kaiarmen til å inkludere det grunnaste området i planen, ville utfyllinga måtte auke tilsvarande for å få tilfredstillande dybdetilhøve. Ved å ynskje å plassere tilslagskaia på det grunnaste området i planen, krev tiltaket utvida fyllingsfot gjennom dispensasjon. Bakgrunnen for denne plasseringa av tilslagskaia, er som sagt, ikkje grunngjeve, og kan kvile på eit ynskje om å vinne mest mogeleg areal i sjø. Det at reguleringssaka ikkje har vert tilstrekkeleg opplyst (jf. forvaltningsloven § 17 første ledd), meinar vi kan ha vert avgjærande for val av det mest naturøydeleggande alternativet som medfører;
– Tap av strandsona som verdifullt natur- og friluftsområde
– Tap av lagsaktivitet kommunen sjølve har støtta økonomisk, viktig for sentrumsnært friluftsliv og folkehelse (Vedlegg 3)
– Tap av grunntvannsområde som er viktig gyteområde for fisk, truleg det rikaste i heile Førdefjorden (Vedlegg 2)
– Større påverknad av en brakkvassdeltalokalitet som er klassifisert som viktig naturområde like aust for planområdet.
– Tap av naturlege buffersone mellom industri og natur- og friluftsområde, og eit viktig kulturhistorisk område.
– Tap av ei bynær grøn lunge i eit elles tungt industriområde.
Da det ikkje kan utelukkast at denne feilen har påverka resultatet, bør planen opp til ny vurdering. Konsekvensane av at det eine alternativet med å bygge ned stranda vart valt føre alternativet til å behalde stranda, er så store i høve naturverdiar og friluftslivet sine interesser, at det også vil vere i tråd med nytt lovverk og nye nasjonale retningslinjer og i samsvar med Pbl § 12-10, å oppheve reguleringsplanen og sende planen attende til Førde kommune for ny handsaming.
Tiltaket er i strid med statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjø av 25.mars 2011, som seier at;
– Utbygging bør så langt som mogeleg lokaliserast til områder som er utbygd frå før
– Utbygging i urørte strandområder med spesielle friluftsinteresser, natur- og landskapskvalitetar skal unngåast.
– Det bør ikkje tillates utbygging i områder som har spesiell verdi i forbindelse med friluftsliv og allmenn ferdsel, naturkvalitetar, naturmangfald og landskap.
– Alternative plasseringar bør vurderast og velgast dersom det er mogeleg.
– Ved vurdering av om tiltak skal tillatast skal det leggast vekt på om omsynet til tilgjengelegheit for allmennheta kan ivaretakast ved at det eksempelvis avsettast areal til kyststi, friluftsområde eller liknande.
(ref. Punkt 7.2)
Tiltaket er i strid med Nasjonale målsetningar som seier at naturverdiar og rekreasjonsverdiar skal forvaltast som ein ressurs av nasjonal betyding, til beste for befolkninga i dag og i framtida. (punkt 5.3.3 Nasjonale mål )
Naturgrunnlaget skal forvaltast på lang sikt, ut frå omsynet til naturens mangfald, produktivitet og evne til fornying. Karakteristiske hovudtrekk i naturtype og landskap må søkast oppretthaldt, og verdifulle lokalitetar, førekomstar og artar må takast vare på innanfor det økologiske samspel i sine miljø. Herunder er det eit siktemål å sikre ein vannkvalitet som, ut frå stadlege forhold, gjev grunnlag for naturleg plante- og dyreliv og tillet bading, anna friluftsliv og konsum av sjømat utan helserisiko.Grunnlaget for allmenn rekreasjon skal tryggast og utviklast vidare. Høve til friluftsliv og oppleving av natur- og kulturmiljø i kystsona må oppretthaldast og forbetrast, ikkje byggjast ned. (Punkt 5.3.3.2)
Reguleringsplan for dette området av 2009, gir høve tilutbygging i strid med retningslinjene, og bør reviderast eller opphevast i høve til punkt 7.2
Dispensasjonen er i strid med forureiningsforskrifta
Kaiområdet inngår i Asfaltverket sitt driftsområde, og tiltaket er såleis i strid med forureiningsforskrifta § 24-3 Plassering av asfaltverk i høve naturområde og friluftsområde. Tiltakshavar har fått omregulert ei buffersone og eit friområde som var eit av vilkåra for etablering på 90- talet, til eige areal. Utan buffersone vil det ikkje være mogeleg for verksemda å ivareta vilkåra i forskrifta i høve støv. Reguleringssaka er ikkje tilstrekkeleg opplyst i høve forhold som vedkjem støv, støy og lukt, og vi finn det urimeleg at kommunen vel å sjå vekk frå dette i dispensasjonsvedtaket, med grunngjeving av at forholdet til dette er vurdert i reguleringsprosessen. Dette til tross for at Fylkesmannen har gitt innspel til dispensasjonssøknaden om at kommunen skal ivareta evt. miljøinteresser. Miljøkonsekvensane for nære friluftsområde og naboområder er store i høve støv, støy og lukt. Dispensasjon til å plassere tilslagskaia utanfor planområdet, så nært friluftsområdet som mogeleg, vil venteleg auke miljøproblema og konfliktnivået av tiltaket.
Kunnskapsgrunnlaget, samla belastning og føre-var-prinsippet.
Naturvernforbundet v/ Per-Erik Schulze har kartlagt den viktige ålegrasenga nært planområdet, og fann store nedslamma områder kring Ytre Øyrane og Hornnes Industriområde i 2009. Havforskningsinstituttet var på tokt i Førdefjorden i mars 2011, og fann de største eggmengdene for torsk ved Hornnes, og skriver i sin rapport at dette er analogt med tilsvarande gytefelt innerst i andre fjordsystemer. De konkluderer med at Førdefjorden kan ha få gytefelt, der Redalsvika og det innerste gytefeltet ved Førde er det viktigaste. De fann også vasskvalitetar som viste at fjordbassenget til tross for påverknad, har eit økosystem som det er vert å ta vare på. (Vedlegg 2.) Fiskeridirektoratet viser i sin uttale til registrert gytefelt for sild og torsk like i nærleiken av planområdet, og at truleg same område også kan vere oppvekstområde for ungkveite. På Stranddag på Ytre Øyrane i 2010 blei det etter få minutt på bryggekanten, tatt opp makrell, torsk, rød torsk, knorr og ørret til akvariet (Vedlegg 7). I tillegg veit vi at nært planområdet ligg det ein viktig sildestamme som kan verte berørt av tiltaket. I høve freding av Jølstra, bad Naturvernforbundet Fylkesmannen i 2008, om å vurdere om totaliteten av de ulike verksemder sin forureining, utgjorde ein uakseptabel forureiningsrisiko for villaksen i Førdefjorden og i Jølstra. Så langt vi er kjent, er den totale belastninga på økosystemet ikkje vurdert. Ei utfylling av fleire hundre meter strandsone og grunntvannsområde kjem på toppen av de mange utfyllingane fjordbassenget allereie har, og andre vedtekne planar om det same. Dette kjem igjen på toppen av den forureininga fjordbassenget har frå avfallsstasjonen Veolia, Asfaltverket, nedlagt Skipsverft, Sementfabrikken, massetak ved Hornnes Næringspark og kommunalt avløpsvatn. Med summen av inngrep, forureining og tiltak i sjø i dette området, trur vi tålegrensa er nådd og at det biologiske mangfaldet er sterkt truga. (Vedlegg 9) Kunnskapsgrunnlaget om kva situasjon økosystemet er i dag er mangelfullt utreda. Faglege vurderingar av samla belastning ligg ikkje føre, og føre-var-prinsippet bør gjærast gjeldande til de marine og biologiske ressursane i fjordbassenget vert kartlagt.
Konklusjon
Det at reguleringssaka ikkje har vert tilstrekkeleg opplyst i høve blant anna dybdetilhøve, kan ha vert avgjærande for val av det mest naturøydeleggande alternativet i reguleringsvedtaket. Vi finn ikkje grunngjeving for plassering av tilslagskai utanfor vedteken plan. På bakgrunn av at konsekvensane for naturmangfaldet KAN bli dramatiske, og at der er for lite kunnskap om totaliteten av påverknader i området, ber vi fylkesmannen om å ikkje godkjenne dispensasjonen. Vi ber om kartlegging av ulike påverknader på biologiske og marine ressursar, og at det vert laga ein forvaltningsplan for å ivareta dei marine ressursane i det indre fjordbassenget. Kommunen må følgje opp nasjonale retningslinjer og stille krav om betre grunngjeving av ynskje om store areal i sjø. Alternative lokaliseringar av kaiformål må vurdert snarast, før urørt strandsone byggast ned med store konsekvensar for natur og friluftslivet sine interesser.
Fiskeridirektoratet ber om at marine resursområde og rekreasjonsområde blir sterkare ivaretatt i framtidig planlegging av området, men om denne nedbygginga vert eit faktum vil den siste naturlege sentrumsnære stranda i eit friluftsområde vere tapt for all framtid.
Kommunen har gitt løyve til mange tiltak i strandsona i indre fjordbasseng gjennom mange år. Med ny Naturmangfaldlov og forsterka Plan og Bygningslov i høve naturforvaltning, er det tid for at Førde kommune stoppar opp, og tek lovverket og nasjonale føringar inn i forvaltninga av området. Naturmangfaldlova inneberer ein ny epoke i norsk naturforvaltning. Når natur er truga har myndigheita ei plikt til å vurdere tiltak. Lova gjev reglar om bærekraftig bruk og vern av naturen. Det betyr at kommunen har fått nye verkemidel for å kunne ta vare på viktige naturområde. Det bør også vektleggast i forvaltninga at Førdefjorden har status som nasjonal laksefjord og at Jølstra er eit nasjonalt laksevassdrag.
Det ville vere naturleg å vente med ei endeleg avgjerd i saka til etter ein grundigare prosess kring rullering av arealdelen i kommuneplanen i 2012/2013. Førde kommune seier dei vil ta opp i prosessen å finne løysingar med andre alternativ for søkar. Ved å gje dispensasjon før denne prosessen har kome i gang, undergraver Førde kommune evna til å finne alternative løysingar som er mindre konfliktfylte.
Vi ber derfor om at dispensasjonsvedtaket vert omgjort og at reguleringssaka vert tatt opp til ny behandling, når rullering av arealdelen i kommuneplanen er ferdig behandla.
Med venleg helsing
FNF – Forum for natur og friluftsliv Naturvernforbundet i Indre Sunnfjord Sunnfjord Kajakklubb
v/ Elisabeth Dahle v/ Lin Hjelmeland Finjord v/ Guttorm Kleppe
– Sign – – Sign – – Sign –
Vedlegg 9
Vedlegg 1; Bruk av naturmangfaldlova i plan- og dispensasjonssaker, og forholdet til KU-forskrifta – kunnskapsbasert arealforvaltning
Vedlegg 2; Vurderinger av data fra tokt samlet inn i Førdefjorden, 3.-6. mars 2011.
Vedlegg 3; Tidlegare klage på planvedtak, Sunnfjord Kajakklubb
Vedlegg4; Planteikning av området for dispensasjonssøknad
Vedlegg 5; Høyringsforslag alternativ A, tek vare på urørt strandsone
Vedlegg 6; Høyringsforslag alternativ B, bygger ned urørt strandsone
Vedlegg 7; Stranddag på Ytre Øyrane i 2010
Vedlegg 8; Konsekvensutredninger etter Plan- og bygningsloven v/spesialrådgiver Tom Hoel, Plansamling 4.-5.okt. 2011.
Vedlegg 9; Jølstra delta konfliktkart – totale belastningar og verneverdiar