Kraftutbygging i Luster

Høyringsfråsegn frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane til søknadar om fem småkraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane v/ Lin Hjelmeland Finjord Bjørnadikje 3 6800 Førde Førde/Sogndal

29.06.2015

Norges vassdrags- og energidirektorat Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo nve@nve.no

Småkraftpakke Luster – høyringsfråsegn til fleire søkjarar – søknad om løyve til å byggje fem småkraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane leverer med dette vårt syn på dei fem søknadene i Luster. Konklusjonen om avveging mellom dei står til slutt.

Generelt om interesseavveginga Landskapet i Luster høyrer, med sitt mektige velde av inntrykk, til det ypparste i landet. Landformene med fjordar og høge fjell er noko for seg sjølv også i nordisk og europeisk samanheng. Innslag av fyllitt og glimmerskifer i ein berggrunn som elles gjev sur og næringsfattig jord er ein grunn til stor biologisk diversitet. Det same gjer eit svakt oseanisk og kontinentalt klima med høge sommartemperaturar. Landskapet høyrer til i ein klasse av nasjonal verdi. Dette tilseier varsemd når det er spørsmål om å tillate inngrep som inneber skade eller risiko for det. Det vert ofte brukt som argument for meir vasskraft at utbygging reduserer utsleppa av CO2 frå bruk av fossile energikjelder. I staden for å redusere utsleppa med 30 prosent innan 2020, er det sannsynleg at dei vil auke med 8 prosent, melder Aftenposten 6. 6. 2015. Noreg manglar ein politikk med verkemiddel som fører kraft frå nettet vidare til utfasing av fossile drivstoff. Den etterlengta effekten let seg ikkje spore. I staden har vi fått eit kraftoverskot så stort at prisane har falle mykje. Klimaargumentet er etter vår oppfatning ugyldig. Den lokale nytten er varierande. Mange småkraftverkseigarar har måtta selje fordi straumprisane er for låge til å dekkje finanskostnadene. Litt meir eigedomsskatt og andre inntekter kan det bli til kommunane, men summane er så små at dei ikkje tilseier stor vekt på dette argumentet. I fleire tilfelle ligg utbyggingsselskap med adresse utanfor Luster, og dei betaler dermed ikkje inntektsskatt til denne kommunen. Om dei planlagde kraftverka i Kinsedalen er det opplyst i søknadene at ein av fallrettseigarane i eit eventuelt Kinsedal kraftverk bur i bygda, i Kveken gjer ingen det. Å styrke den lokale straumforsyninga kan heller ikkje vere noko poeng, i alle fall ikkje i Luster, som frå før ha to store utbyggingar med leveransar ut av kommunen. Ny utbygging vil auke trongen for nye kraftliner og ekstra kostnader for dei lokale konsumentane, sjølv om produsentane må betale ein del av kostnadene.

Rydøla kraftverk, reg.nr.: 6294 saksnr.: 201101110

Kort om planen Søknaden går ut på å føre over Viergrova gjennom eit 240 meter langt røyr til Rydøla, og så utnytte fallet frå kote 575 moh til kote 35 moh. Ryfossen og den delen av elva som er synleg frå dalen får mykje mindre vassføring enn den naturlege. Utbygginga skal gje 14,9 GWh kraft til ein utbyggingspris på kr. 3,85. Søknaden fortel at middelvassføringa ved inntaket er 680 l/s, og vanleg lågvassføring 260 l/s. Dei vil sende ei minstevassføring om sommaren (1.6.-31.8.) på 400 l/s. Til samanlikning er middelvassføringa i mai, juni og juli det aller meste av tida større enn 1000 l/s, og over 2000 l/s i juni. Dette går fram av diagram side 13 i søknaden.

Ryfossen i landskapet – og konsekvensane Luster er sterkt prega av tidlegare kraftutbygging. Dei største inngrepa er i Jostedøla, Fortundalselvi og Granfasta. Den utbygginga i Jostedalen som fekk konsesjon i 1984, samlar opp vatnet på austsida av dalen frå Kupevatnet til Vigdalen. Alle sideelvane går inn i takrenna. Styggevatnet har ei 2 reguleringshøgde på 90 meter, og den samla reguleringskapasiteten er meir enn 120 prosent av tilsiget. Tidlegare, i 1978, kom Leirdøla kraftverk i drift, med vatn frå eit magasin som dekkjer heile den tidlegare breelvsletta framanfor Tunsbergdalsbreen, eit område som truleg hadde liknande naturkvalitetar som dei seinare freda Fåbergstølsgrandane. Fortun-Granfasta samlar opp elvane frå Ringsdalen sør for Turtagrø til Gravdalen og Nørdstedalen nord i Fortunsdalen. I tillegg kjem ei rekkje småkraftverk av nyare dato. Landskapet i indre Sogn er karakterisert som det ypparste i landet. I denne vurderinga er fossane er eit viktig element, heilt sentralt. Det indre av Sogn og Nordfjord har i global samanheng ein kanskje eineståande kombinasjon av høge fall og store nedbørsmengder. Slike fossar som det her er snakk om, er i realiteten norsk ansvarsnatur. Landskapsverdi er uttrykk for ei menneskeleg oppfatning. For dei som opplever det indre av Luster er det mange vitnemål på at dei store og mektige fossane er høgdepunkt. Dette gjeld ikkje berre tilreisande. Også mange av dei som bur i dette landskapet, set pris på det store i fossane som har sin skiftande rytme gjennom året. Kursen på uforstyrra landskap ser ut til å auke. Meir og meir vert det tydeleg at landskap som er ekte og upåverka, er eit viktig grunnlag for dei naturopplevingane folk søkjer. Det er i det uforstyrra vi finn det sublime, det storarta. Dette er òg ein viktig del av naturvernet, å ta vare på det som er ekte og verkar til å heve kvaliteten i livet. KU-forfattarane har redusert verdien av landskapet noko på grunn av den skogsvegen som er godkjend i det slakare landskapet over fossen. Denne vegen har fleire negative konsekvensar. Men han er ikkje synleg frå dalen, og han reduserer ikkje opplevinga av fossen i det rommet dei fleste ser han. Etter vår oppfatning skal dette landskapet ha karakteristikken stor verdi. Det må telje til styrke for denne oppfatninga at Ryfossen er den einaste som er igjen i Jostedalen med naturleg vassfylde. Den kraftige reduksjonen av vassføringa tek ikkje berre det meste av fallenergien, men òg uttrykksenergien i fossen. Vi er sterkt usamde i at fossen med 400 l/s ”fremdeles [vil] ha en god inntrykkstyrke i perioden 1. juni til 31. august”. Det er berre i svært korte periodar at det vil renne så mykje vatn over demninga at fossen kan minne om natur som det ikkje er lagt ein dempar på. Det er berre i få andre tilfelle at dei negative konsekvensane på grunn av redusert vassføring kan vere større enn her. Vi meiner den rette vurderinga er store negative konsekvensar for landskapet. 3 Biologisk mangfald Over 500-600 meters høgde er berggrunnen kalkrik av fyllitt med innslag av marmor.

Miljørapporten gjer greie for fleire store rikmyrar sør for Rydalen. Nede mot dalbotnen ligg fleire artsrike og delvis varmekjære skogsfelt. Her er ein konsentrasjon av rike vegetasjonstypar som kunne tilseie vern av eit større område. I denne samanhengen er hovudpoenget at under Ryfossen, på begge sidene av elva, er vegetasjonen ein gråorheggeskog nede ved hovudelva og eit større felt med rik edellauvskog lenger oppe. Begge har fått verdien B – viktig. Ved foten av fossen er det registrert ei fossesprutsone som ikkje er godt utvikla, men av lokal verdi – C. Gråor-heggeskogen er ein høgstaudetype som i distriktet er sjeldan, artsrik og høgproduktiv. Edellauvskogen har litt vekslande flora, men er alt i alt artsrik på grunn av varierande tilstand i jorda. Vår oppfatning er at når vassførings i elva vert sterkt nedsett, vil det etter alt å dømme påverke vassinnhaldet i jorda og i lufta, i alle fall for delar av skogen langs elva. Dette vil i så fall endre artssamansetninga i eit område som er rikt og slett ikkje vanleg. Ei slik endring vil ikkje vere i samsvar med forvaltningsmålet for artar og naturtypar i naturmangfaldlova. Til opplysningane om raudlista fuglar har vi det å seie: Om det nå er usikkert om ein art hekkar i området, er det ingen grunn til å sjå vekk frå at arten seinare kan komme til å gjere det. Naturen er vekslande gjennom tida. Det synest opplagt at influensområdet er eit potensiale for hekking av til dømes kongeørn og vandrefalk, som er nemnde i rapporten. I rapporten har forfattarane sett fram denne påstanden: ”Influensområdet er ikke vernet eller foreslått vernet, noe som tilsier liten verdi.” Dette må vere ei feilslutning. Det går fram av rapporten at forfattarane har oppdaga kvalitetar som ikkje var kjende tidlegare. Mange lokalitetar som er kvalifiserte til vern etter lova, kjem likevel ikkje fram til vedtak om slik bandlegging. Årsakene til det er fleire. Verdsettinga i eit tilfelle som dette må byggje på kvalitetane av det som faktisk er kjent. Restriksjonane mot inngrep er formelt større i eit område ved vernestatus, men dersom dei negative konsekvensane er store, skal også natur utanfor vernegrensene ha det forsvaret som naturmangfaldlova tilseier. Vi meiner, ut frå dei opplysningane som ligg føre, at influensområdet er av stor verdi, eller svært nær det. Vi meiner òg at inngrepet vil ha middels til store negative konsekvensar. Det er ikkje vanleg, heller ikkje i indre Sogn, å finne eit så stort innslag av rike og ulike naturtypar. Biomangfaldet er stort, og vi bør handtere det som ein økologisk heilskap 4 Konklusjon Utbygginga vil ha store negative konsekvensar, eller nær det, for både landskap og biologisk mangfald. Sjeldan er det i slike saker grunn til å vente så store negative konsekvensar for så store verdiar. Litt meir straum og annan samfunnsnytte av små dimensjonar kan ikkje forsvare inngrepet. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går sterkt i mot å gje konsesjon til Rydøla kraftverk.

Mordøla kraftverk, reg.nr.: 5665 saksnr.: 200900318

Utbyggingsplanen Frå inntak på kote 380 vil søkjaren føre vatnet ned til kraftstasjon på kote 17, delvis gjennom tunnel og delvis gjennom røyr lagde i lausmassane. Produksjonen er venta å bli 12,1 GWh, 2,3 GWh og vinteren og 9,8 om sommaren. Kostnaden er stipulert til kr. 4,90/kWh. Det skal komme 80 meter ny veg fram til kraftstasjonen. Nesten 1100 meter elvestrekning vert direkte påverka. Elva har ved inntaket ei middelvassføring på 668 l/s, med 5-persentil om sommaren på 165 l/s. Maksimal slukevne er sett til 1620 l/s. Det utnytta feltet er på 13,4 km2 . Restfeltet på 2,1 km2 utgjer knapt 16 prosent av det utnytta. I ei elv som Mordøla er middelvassføringa ikkje noko godt uttrykk for kor mykje vatn som renn. Dei store mengdene kjem om sommaren; i mai til august fører elva i bortimot to månader over 2000 l/s i eit middels år. Om vinteren, i november til april, renn det svært lite. Landskapet Ovanfor inntaket ligg den godt synlege Mordølafossen, ein viktig del av det storarta landskapet av nasjonal verdi ved Lustrafjorden. Sidan fossen og den mest synlege elvestrekninga nedanfor ikkje er med i planen, vert det ikkje noko direkte påverknad av vassfallet. Sidan heile inngrepet ligg nede i skogen, er det truleg mogeleg å hindre at vassvegen og stasjonen indirekte får nemneverdig negativ effekt på opplevinga av fosselandskapet. I dette tilfellet er neppe konsekvensane for landskapet grunnlag for tunge innvendingar mot prosjektet. 5 Biologisk mangfald Frå inntaket og nedover er influensområdet dominert av lauvskog med vanlege treslag, og i tillegg alm. Det som er spesielt, er at skogsmarka delvis er uvanleg rik på nærings og kalk. Årsaka er nok eit belte av fyllitt og glimmerskifer i Mordalen, høgre oppe enn fossen. Dette er bergartar som forvitrar lett, og kationa har nok følgt sigevatn nedover i det bratte lendet. Jordmassane nedanfor inntaket kan òg har sitt innhald frå den rike berggrunnen lenger oppe. Så vidt vi forstår KUen, er store delar av vegetasjonen langs elva høgstaudeskog og lågurtskog. Eit større areal på sørsida av elva er gammal, boreal lauvskog med ei varmekjær utforming av gråor-almeskog. Eit anna felt er gråor-heggeskog. Spørsmålet er om det vil påverke skogen vil endre seg dersom den fossande elva – også nedanfor den store fossen – vert sterkt redusert. Det er ikkje usannsynleg i så tørt klima som i Luster, at råmen som elva tilfører lokalklimaet, er med på å halde oppe dei mindre vanlege skogtypane, plassert som dei er nær elva som har er i eit gjel eller ein smal dal. Både gråor-heggeskog og gråor-almeskog er avgrensa til frisk, næringsrik mark. Også ved Rydøla er gråor-heggeskog lokalisert i gjelet og dalen langs elvane, også eit indisium på at spreiing av væte frå elvane er ein økologisk faktor som held dei rike og mindre vanlege skogane i live. Dersom NVE ikkje har fagleg dekning for å avvise ein slik samanheng, meiner vi det, i begge tilfella, er eit argument mot å gje konsesjon til utbygging. Både gråor-heggeskog og gråor-almeskog er på Vestlandet avgrensa til dei midtre og indre fjordstroka. Vest for dei indre fjordstroka er det lite av berggrunn som gjev næring nok og høg nok pH i jorda til at desse skogane kan vekse. Heller ikkje i indre strok er edellauvskog utbreidde på store areal. Dette er sjeldne eller uvanlege plantesamfunn som det er all grunn til å forsvare, i samsvar me § 4 i naturmangfaldlova. Med risiko for å redusere utbreiinga av artsrik og verdfull skog, for å redusere reproduksjonen av fossekall og med ein mindre reduksjon av inngrepsfrie areal i kategorien villmark, meiner vi at dei påreknelege konsekvensane er middels negative, ikkje små til middels, som forfattarane av miljørapporten har lagt seg på. Dei har etter vår oppfatning lagt for lite vekt på det usikre ved framtida for skogen.

Åselvi kraftverk, reg.nr.: 6491 saksnr.: 201106573

Utbyggingsplanen Frå kote 650 til kote 15 vil søkjaren utnytte 635 meter fall med ei middelvassføring på 388 l/s. I dette fallet ligg den markerte fossen i elva. I 1250 meter av elva vert vassføringa sterkt redusert, etter søknaden til 51 l/s om sommaren og 17 l/s om vinteren. I tillegg kjem noko restvassføring, som skal dreie seg om 20 l/s nede ved kraftstasjonen. Produksjonen er kalkulert til 11,8 GWh. 9,5 GWh er sommarkraft. Sjølve inngrepet med vassveg og byggverk vert nok lite synleg. Det meste av strekninga er det meininga å bore gjennom fjellet. Men tunnelmassen (om lag 350 m3 målt som fast fjell) kan ikkje vere lett å plassere på ein usjenerande måte. Landskapet Det som er det slåande i denne saka, er den drivkvite fossen som velter meir enn 200 høgdemeter ned over det blåsvarte berget ovanfor Vassbakken, like ved riksvegen. Dette er altartavla her i nedre delen av Fortunsdalen, eit vesentleg element i eit landskap som gleder så mange. Fossar høyrer dette landskapet til, men det har seg slik at elvane syner sin dristigaste spenst i sidedalane til fjorden og hovuddalføret gjennom Fortun, med unnatak for Feigefossen og Åselvi. Fleire av dei som ein gong var, har tapt si visuelle kraft til turbinar for elektrisitet. Dette gjeld mellom anna fallet ned frå Sognefjellet i Bergsdalen. Eit offisielt argument for å la fossen i Åselvi renne, ligg i § 1 i naturmangfaldlova, som har til føremål at naturen, ”med dens biologiske, landskapsmessige og geologiske mangfold tas vare på …”. Den minstevassføringa som er skissert i utbyggingsplanen, vert berre ein avglans av fossen i naturleg driv. Også her er talet for middelvassføringa (388 l/s) eit magert uttrykk for korleis fossen ter seg i store delar av sommaren, med over 1,5 m3 /s i det meste av juni og juli i eit normalt nedbørsår. Toppane kan gå over 3 m3 /s. På Vassbakken camping fortel dei at plassen i si tid vart bygd ut fordi dei såg turistane stanse for å fotografere fossen. Nå har Nasjonale turistvegar lagt ein større parkeringsplass ved vegen og rydda ein gangsti opp til foten av vassfallet. Biologisk mangfald Bioreg har registrert 4 lokalitetar med naturtypar med særskild verdi: 

1. Bekkekløft og bergvegg med lågurt- og høgstaudevegetasjon i feltskiktet. Dette er heile gjelet vest for Furåsen og over fossen. Verdi: Viktig – B.

2. Hagemark ved Furåsen, middels verdi. Området er heller stort med mange styvingstre og karakterisert som viktig – verdi B.

3. Fossesprutsone ved foten av fossen og nedover. Lokaliteten er ikkje stor, og har heller ikkje sjeldne vekstar. Dette er likevel ein del av variasjonen innan ein naturtype som vi har lite og stadig mindre av, på grunn av kraftutbygging og skogsdrift. Av same grunn som det er eit poeng å ta vare på næringsfattige fjellvatn utan fisk, er det gode grunnar til å sikre det meste av fosseengene som er igjen. Å konsentrere seg om berre dei artsrike og sjeldne økosystema er ikkje i tråd med moderne naturvern. Biodiversitet famnar òg om det vanlege og ”trivielle”. Difor meiner vi verdien også her bør vere B – regionalt viktig.

4. Gråor-heggeskog ved Vassbakken. Skogen er delvis prega av at elva fløymer ut over markene og legg att plantenæring i grus og sand – eit fenomen som tilseier at dersom vatnet i elva vert dempa, vil skogen etter kvart bli utarma, misse sin eigenart. Influensområdet har, sett under eitt, ein tett konsentrasjon av verdifull natur. Frå inntaket og ned til utløpet er der ei samanhengande rekkje av meir enn vanleg artsrik vegetasjon. Forvaltningsrådet frå KU-forfattarane er: Minst mogeleg av inngrep. Faunaer er mindre godt kjend, men ein typisk art som fossekall lever der. Den nedre delen av elva er ei anadrom strekning med potensiale for gyting. Kunstige og brå endringar av vassføringa kan slå ut både nytt og eldre liv i elva. Friluftsliv Åsdøla renn like vest for Furåsen. Dette er eit ikkje lite brukt turområde for mange som tek dagsturar til Fuglesteg eller overnattar der. Etter statistikken for 2013 og 2014 var der vel 400 overnattingar i året på Fuglesteg, og 5000 som var innom det restaurerte gardstunet. For turistane som reiser gjennom Luster langs vegen er fossen ein sentral attraksjon. Konklusjon Verdien av fossen i landskapet, og den samanhengande rekkje av mindre vanlege naturtypar langs heile den påverka elvestrekninga, tilseier etter vår oppfatning at utbygginga vil ha store, negativ konsekvensar. Vi ser det som sannsynleg at både elvegjelet over fossen, fosseenga 8 under og gråor-heggeskogen nedanfor vil bli negativt påverka i så stor grad at det frodige preget vert borte. Vi finn det underleg at Bioreg ikkje har lagt vekt på at saka gjeld eit område med berre litt over 700 mm nedbør i året, og at elva si rolle som råmedannande faktor her må vere større enn lenger vest i fylket, med klimatisk langt meir humide veksevilkår over alt. På dette grunnlaget går Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sterkt mot utbygging av Åselvi.

Kveken kraftverk, reg.nr: 7496 saksnr.: 201404142

Begge dei to kraftverka skal etter planen byggast ved Kinsedalselvi, Kveken kraftverk på nordvestsida av elva og Kinsedal kraftverk på søraustsida. Det er er Blåfall AS som er søkjar til dei to kraftverka, som er planlagde i ei nokså isolert bygd med jordbruk som einaste næring. Dei to kraftverka vil nytte fallet i Kinsedalselvi frå 525 moh. til fjorden, med ein samla produksjon på ca. 32 GWh. Landskap og biologisk mangfald Kveken kraftverk er planlagd i den øvre delen av vassdraget, og det er også her at verknaden av ei kraftutbygging vil bli størst. Dette området ligg i kantsona til eit større INON-område, og ein kraftig reduksjon av vassføringa over ei ekstremt lang strekning, 3000 meter, vil få store konsekvensar for landskapsopplevinga her ved inngangen til dette inngrepsfrie området. Det går fram av konsekvensutgreiinga at Kinsedalen, i det aktuelle området, er prega av mellom anna dette:

1. eit tradisjonelt kulturlandskap prega av mindre slåttenger (utvald naturtype) i veksling med delvis tresette beitemarker, delvis av nasjonal verdi

2. velutvikla, gammal skog av fure (stor verdi) i veksling med lauvskog med markerte innslag av gråor og osp

3. ein god del næringskrevjande vegetasjon, artsrike slåttenger og høgstaudeskog

4. ein talrik flora av næringskrevjande mosar (75 registrerte artar, nokre epifyttiske), og mange lavartar (38). Den gamle skogen har mange lavartar, og ein av dei registrerte (hornstry) er på raudlista (sårbar) 9

5. overgangen mellom elv og land er uvanleg artsrik

6. eit markert elvegjel over ei lang strekning. Vi har her å gjere med ein økologisk heilskap med stor produktivitet og diversitet. Djup morene over ein berggrunn av amfibolitt og gabbro har gjeve ei jord som er rik på næring og kalk, klimaet er sommarvamt og nedbøren stor nok. Opplysningane om artsinventaret og terrenget tilseier at elva er årsak til eit fuktigare lokalklima nede ved elva, truleg ein viktig faktor i eit relativt nedbørsfattig klima. Her er ei samling av økologiske faktorar som tilseier at elva kunne vore kandidat til ein plass i Verneplan for vassdrag. Etter vår oppfatning må den samla verdien av området vere stor, i det minste middels-stor. Vår oppfatning er vidare at dei negative konsekvensane at utbygginga vil vere middels-store. Vi meiner KU-rapporten har lagt for lite vekt på risikoen for negative effektar av lange periodar med svært lite vatn i elva i tørre år, som er dei kritiske. Utbygginga vil i realiteten seie fleire tørre år i elva enn normalt, og lengre periodar kvart år med lite vatn. Med så rikt liv av dyr og planter på land, er det ein mangel ved konsekvensrapporten at livet i elva ikkje er undersøkt. Risikoen for at her er artar som kan ta skade, må vere å sjå på som ein realitet. Det taler mot å undervurdere konsekvensane. Brukarinteresser Når det gjeld brukarinteresser, veit vi at området vert ein del nytta til friluftsliv og jakt og fiske. Dette gjeld særleg folk frå nærområdet, men området er også interessant for andre som ein innfallsport til det spennande, men til no lite nytta fjellområdet mellom Lustrafjorden og Årdalsfjorden. Det ligg stølar og også gardar i det området som vert omfatta av denne kraftutbygginga, men konsekvensar av den reduserte vassføringa er nok for dårleg undersøkte. Av dei ni grunneigarane som har fallrettar, er det ingen som bur i Kinsedalen. Ein har adresse Ornes, tre Skjolden og dei fem andre utanfor Sogn. Det er altså ikkje snakk om å halde oppe busetting med eventuelle inntekter frå kraftverket. Konklusjon Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går klart i mot å gje konsesjon til Kveken kraftverk. Utbygging vil ha for stor negativ konsekvens for ein dal med eit uvanleg rikt artsliv og naturtypar som har stor kvalitet og som det finst lite av. Litt ekstra kraft kan ikkje forsvare å forstyrre den økologiske heilskapen i Kinsedalen.

Kinsedal kraftverk, reg.nr: 6756, Saksnr.: 201205014

Konsesjonssøknaden for Kinsedal kraftverk omfattar den nedre, søraustre delen av Kinsedal og Kinsedalselvi frå inntaket på kote 207 til kraftstasjonen på kote 2. Her vil røyrleidningen bli lagt i ein del av dalen som er meir utilgjengeleg og med mindre innsyn. Ei redusert vassføring vil difor ha mindre å seie for landskapsopplevinga og friluftslivet. Etter vår meining er likevel det biologiske mangfaldet i og ved elva for lite undersøkt til at ein kan seie noko bestemt om desse verdiane i landskapet. Kraftutbygginga kan elles kome jordbruket her i nedre delen av Kinsedal til gode ved kraftinntekter. Konklusjon Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner at innvendingane mot Kinsedal kraftverk er av mindre alvorleg tyngde. Samla konklusjon om søknadene i Lustrapakken Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går sterkt i mot å gje konsesjon til utbygging av Rydøla og Åselvi. Også Mordøla og Kveken har tunge innvendingar mot seg på grunn av stor biologisk rikdom og påreknelege skadar på den. Mot Kinsedal kraftverk er grunnlaget for innvendingar vesentleg mindre.

Med helsing Erik Solheim Jon Farestveit rådgjevar rådgjevar

Kontaktinfo: Jon Farestveit, 6856 Sogndal, Jon.Farestveit@gmail.com, 416 59 144

Erik Solheim, Flugedalen, 6800 Førde, Erik.Solheim@enivest.net , 952 56 950 / 57 72 45 31