Krav om konsekvensanalyse av meieriprosjekt på Byrkjelo

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har registrert at det er planar om å etablere eit nytt storanlegg for meieriprodukt på Byrkjelo utan at det er gjort ei konsekvensanalyse av mogelege effektar i høve miljøet. Naturvernforbundet ser fleire uavklarte spørsmål som tilseier at det vert gjort ein slik analyse.

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta arbeidet med fylkesdelplan for klima og energi der utgangspunktet er å finne fram til tiltak som kan redusere energibruken og utsleppa av klimagassar. På denne bakgrunnen er det viktig å få avklart om etablering av eit nytt storanlegg på Byrkjelo føre til auka transport, og korleis ei slik eventuell auka vil slå ut i høve utslepp av klimagassar og den samla energibruken for selskapet.
  • Fylket er prega av lange vegstrekningar som er smale med ein medfølgjande stor fare for trafikkuhell. I kva grad vil eit nytt storanlegg på Byrkjelo kunne auke risikoen for uhell på vegane, og i kva grad har ein tenkt gjennom korleis handtere ei slik eventuell auka ulukkesrisiko med tanke på både personskade, skade på materiell og fare for utslepp av drivstoff ved eit eventuelt uhell?
  • Kva skjer om det vert driftsstans på nøytralanlegget? Med auka produksjonsmengde vil presset på reinseanlegget auke grunna at mengda spillvann også vil auke. Har TINE tatt dette på alvor? Breimsvannet er ein viktig drikkevasskjelde for Gloppen Kommune.

Tine framstår som ein organisasjon som ønskjer ein god distrikts- og miljøprofil. Med nedleggingar i den siste tid i Syvde, Førde og Nordfjordeid vert ikkje distriktsprofilen truverdig. Når det heller ikkje vert gjort konsekvensanalysar i høve miljø blir profilen enno mindre truverdig. Vi kan ikkje sjå at det er teke tilstrekkeleg omsyn til miljø i rapporten frå styringsgruppa som vart nedsett av styret i sak 74/99. Skal Tine klare å oppretthalde eit minimum av miljøprofil forventar Naturvernforbundet difor at det vert gjennomført ei miljøkonsekvensanalyse slik vi har skissert over.

Vi ber om å bli haldne orientert om den vidare framdrift av saka.


Med helsing

Astrid Kalstveit