Kritisk til at Sogn og Fjordane skal bli pilotfylke for vindkraft

I følge den regionale planen for vindkraft skal Sogn og Fjordane bli eit pilotfylke for utvinning av vindkraft. Naturvernforbundet har sendt høringssvar til denne regionale planen og påpeikar at ei storstila vindkraftutbygging aldri kan bli økologisk berekraftig.

Det er ein klar konflikt mellom å levere store mengder vindkraft og det målet som går ut på å minimalisere dei uheldige konsekvensane. Når dei blir mange, gjer dei negative sumeffektane seg sterkt gjeldande, sjølv om det skulle vere tilfelle at dei negative sidene ved anlegga kvar for seg er moderate, skriv Naturvernforbundet i høyringssvaret.

Høyringsuttalen frå Naturvernforbundet inneheld tre hovuddelar. Ein del er utgreiingar for ulike fagtema og ein del gjer greie for konfliktsituasjonen i delområde av fylket. Den tredje delen er i det vesentlege forslag til fylkeskommunale retningsliner for vindkraftutbygging.