La Førdefjorden leve!

Selskapet Nordic Mining har søkt konsesjon for utvinning av mineralet rutil i Engebøfjellet i Vevring. Berre 3-4 prosent av berget er rutil. Det er planen å deponere 140 millionar kubikkmeter knust fjell i Førdefjorden. Botnen vert heva frå 300 meters djup til 150 meter over tre kvadratkilometer. For å hindre at finknust fjell vert svevande i fjorden, er planen å setje til eit flokkuleringsmiddel, magnafloc, som inneheld kreftframkallande akrylamid. I tillegg til fjorddeponiet vil fleire titals millionar tonn masse bli liggande att på land. I minst 15 år vil drifta vere i dagbrot, døgnkontinuerlig med fjellsprengingar og støyande industri tett inn på eksisterande busetting. Førdefjorden er rein og har ein uvanleg rik biologi, med fleire artar og fleire individ enn det som gjennomgåande er å finne i fjordar på Vestlandet. Fjorden er verna som nasjonal laksefjord frå ei grense like innanfor det planlagde deponeringsbassenget. Nausta, ei av dei mest produktive lakseelvane på Vestlandet, er nasjonalt laksevassdrag og renn ut i fjorden. Det er høgst usikkert korleis sprenging og annan aktivitet vil verke på utvandrande laksesmolt.

Førdefjord demonstrasjon

Konsekvensvurderinga fortel at leveområdet for fleire artar av djupvassfisk forsvinn i heile deponiområdet. Deponering av store mengder mineralpartiklar i Førdefjorden er venta å skade eller utslette dyrelivet på botnen så lenge deponeringa varer, og ha langtidsverknader etterpå.

Det er fare for at flokkuleringsmiddelet magnafloc er giftig for fisk.

Det er fare for at dei finknuste partiklane ikkje vil falle raskt til botnar, og at store delar av fjorden vert prega av svevande steinstøv. Målingar i regi av Det Norske Veritas viser ein «svak straum» på 4 – 9 cm per sekund i djupet, men det dekkjer over at straumen ofte er oppe i 10 – 15 cm per sekund, som kan gi spreiing av dei minste partiklane, og at straumen vert sterkare dess høgare botnen blir heva.

Konsekvensane er alvorlege eller usikre for eit heilt fjordsystem. Dei er i strid med det nasjonale målet om å sikre ein vasskvalitet som er god nok til at artar og økosystem lever vidare, og som er grunnlag for menneskeleg helse og trivsel. Sannsynlege konsekvensar er så alvorlege at planen må avvisast ut frå føre-var-prinsippet.

Rutil kan vere nyttig til fleire industriprodukt, men det faktum at over 90 prosent av verdensproduksjon går til farge- og fyllstoff, mellom anna kvit måling, og at vi brukar langt mindre rutil enn det som landet allereie produserer, tilseier at Førdefjorden ikkje kan offrast.

Førdefjorden er ein rein fjord som er biologisk svært rik, som er nasjonal laksefjord og som er ein naturtype som Noreg har eit særleg ansvar for i verda. Norges Naturvernforbund krev at regjeringa avviser planen om utvinning av rutil i Engebøfjellet i Vevring