Må ikkje gje konsesjon til Strupen kraftverk

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går klart i mot å gje konsesjon til Strupen kraftverk. Dei viktigaste grunnane er at utbygginga vil ha negative verknader, og delvis i vesentleg grad, på store natur- og landskapskvalitetar, som delvis er av nasjonal verdi, skriv forbundet i høyringsfråsegna.

Småkraft AS har søkt om konsesjon til eit vasskraftverk på 6,9 MW i elva Strupen i Myklebustdalen i Breim. Høyringsfråsega til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane tek for seg konsekvensar for natur og landskap og nytten av utbygginga.

To fosseenger, den eine stor og med regional verdi etter konsekvensrapporten, er dei viktigaste og mest konfliktfylte sidene ved saka, sett med naturvern for auget. Fosseenger er ein type vegetasjon som har vore rekna for noko truga. Dersom mange av søknadene om mindre kraftverk vert godkjende, er det grunn til å tru at fosseenger raskt skifter kategori til sterkt truga.

Strupefossen er det 9. høgste fossefalla i verda
Landskapet i Myklebustdalen har stor verdi, plassert i klasse A, det ypparste av norske landskap. Dei ville og mektige fossane i elva er eit sentralt element i landskapet. Strupefossen er det niande høgste fossefalla i verda, etter det som er opplyst på nettstaden World-waterfalls. Om nokon skulle finne grunn til å dra den eksakte plasseringa i tvil, er det utan tvil snakk om ein foss med sjeldne dimensjonar. I landskapet, og i nasjonal samanheng, er dette ein kvalitet å legge stor vekt på.

Vedtaka i Stortinget om at den vassdragsnaturen som er att, bør i hovudsak få vere uforstyrra av omsyn til framtidige generasjonar, må vere eit omsyn å legge vekt på i denne saka. Vassskraftverket vil gi ein produksjon på under 30 GWh. Det er ikkje av ein dimensjon som tilseier at nasjonale naturverdiar må vike.

Les heile høyringsfråsegna:

Høyringsfråsegn om Strupen kraftverk

Artikkel om Strupefossen i Firda

Strupefossen er det 9. høgste fossefalla i verda. 
Foto: Firda