Må ikkje seie ja til bygging av fem kraftverk og kraftline i storarta naturområde

– Vi meiner at det ikkje ligg føre eit sakleg grunnlag for å gje søkjaren konsesjon til bygging av fem kraftverk og kraftline i Fjærlandsfjorden. Til det er naturen for storarta og verdfull, det påverka området for stort og føremonane med prosjektet for små, skriver Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei høyring til Norges vassdrag- og energidirektorat. Naturvernforbundet meiner ei slik stor utbygging der dei fleste fossane vil forsvinne, vil få alvorlege konsekvensar.

Den fragmenterte og ufullstendige kunnskapen om naturen i området, og dermed om konsekvensane av prosjekta, er for mangelfull til at utbygging på dette grunnlaget er i samsvar med kravet om kunnskapsbasert naturforvaltning. Ein ansvarleg bruk av føre var-prinsippet tilseier nei til søknadene. Ein sikker konsekvens er store tap av villmarksprega areal. Dette er ein viktig grunn til at ulempene ved utbyggingane samla sett er svært store. Både sjølve naturverdiane og opplevingskvalitetane i fjordlandskapet er så store at utbyggingane går ut over vårt internasjonale ansvar for å ta vare på det som er særprega i den norske delen av verdsnaturen.

Heilskapen av mykje intakt natur i området, og det at der er lite av større inngrep i området frå før, tilseier etter vår oppfatning av søknaden som heilskap vert avvist. Det er aller viktigast å hindre kraftverka på Lidal og Romøyri, og kraftlina. På grunn av store inngrep frå før ved Berge/Bjåstad er dette den minst skadelege delen av søknaden. Etter ei samla vurdering er det vår oppfatning at også Jordal kraftverk isolert sett vil ha relativt moderate skadar, samanlikna med dei andre elementa i søknaden. Eit grunnlag for desse vurderingane er at eit eller begge av desse verka let seg realisere utan å byggje den planlagde kraftlina, er konklusjonen i høyringa frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.

Saken på NRK

Les heile høyringsfråsegnet om Fjærlandsfjorden 02.12.05