Må ta omsyn til eit av verdas beste reisemål

– Den planlagte kraftlina på Vestlandet vil gå tvers gjennom eit av verdas beste reisemål. Dette fjordlandskapet er blant annet utpeikt av prestisjetunge National Geographic for å være natur som kan kalles eineståande i verda. Kraftlinetraseane vil krysse fleire verna vassdrag, og folk lurer rimeleg nok på om bygging av ei nesten 30 mil lang kraftline er i tråd med forstandig forvaltning av dei. For eksempel kan verdsarvområdet i Geiranger få kraftmastene som grense i vest, seier Erik Solheim i Naturvernforbundet Sogndal.

Statnett SF har søkt Norges vassdrags – energidirektorat (NVE) om bygging av ei 420 kV kraftline mellom Ørskog i Møre og Romsdal og Fardal i Sogn og Fjordane. Norges Naturvernforbund har levert eit høyringsfråsegn og seier kontant nei til denne monsterlina.

– Statnett meiner ein sjøkabel vert for dyr. Etter deira eigne opplysningar dreiar det seg om vel seks milliardar mot knappa to for luftlinja. Statnett viser til gjeldande kablingspolitikk, som tilseier at kabling i staden for luftleidningar er aktuelt berre i tilfelle med særs sterke miljøomsyn. Dersom alle innvendingane i dette tilfellet ikkje er å karakterisere som sterke miljøomsyn, må vi konstatere at slike omsyn finst ikkje, seier Solheim.

Desse punkta er dei mest sentrale i Naturvernforbundets syn på søknaden frå Statnett:
1.
Planen inneber så store inngrep i eineståande natur og landskap at dei negative konsekvensane på ingen måte let seg forsvare av føremonane med lina. Fagrapportane inneheld mange argument for eit slikt standpunkt, og heilskapen i den eigenarta fjordnaturen styrker argumenta. Store hindringar for økonomisk utvikling i andre sektorar dreg i same retning.

2. Dersom overføringa mellom Sogn og Møre skal komme, finst det berre ei forsvarleg løysing, og det er å legge lina som sjøkabel heile vegen mellom Fardal og Ørskog.

3. Eit vedtak om inngrep krev meir kunnskap om verknadene enn eit vedtak om ikkje inngrep. Dersom NVE meiner det kan vere aktuelt å gje Statnett konsesjon, er kunnskapen om konsekvensane for biologisk mangfald for spinkel. NVE må i så fall pålegge Statnett å supplere kunnskapsgrunnlaget om biologisk mangfald vesentleg gjennom nye registreringar for å dokumentere dei artane og dei områda som det manglar opplysningar om. Kor mykje ekstraarbeid dette krev, er eit fagleg spørsmål som dei kompetente biologane må avgjere. Det må òg, før vedtak, ligge føre ei fagleg vurdering av på kva måte og i kva grad inngrepet kjem i konflikt med nasjonale miljømål og omsynet til norsk ansvarsnatur. Vi bed NVE om å syte for at dette vert gjennomført.

Her er nokre sitater frå høyringa til Norges vassdrags- og energidirektorat:
– Det er dokumentert at område med nasjonalt viktige naturverdiar vil gå tapt eller bli alvorleg forstyrra i stort omfang. Lina vil bryte viktige biologiske og landskapsøkologiske samanhengar, auke presset mot raudlista artar, redusere inngrepsfrie område og på andre måtar gå ut over den biologiske rikdommen. Eit aspekt som rapportane ikkje tek opp, er at traseane heile vegen går gjennom landskap som frå naturen er så eigenarta at det er dekning for å seie dei er eineståande i verda. Det finst ikkje noko einskildinngrep på Vestlandet som i same grad som denne lina flerrar opp landskapet på ein uheldig måte.

– Den framgangsmåten som ligg til grunn for rapportane om biologisk mangfald, har metodiske manglar som gjer at arbeidet ikkje fangar opp heilskapen i området og det globale særdraget.

– Det er store hol i kunnskapen på grunn av manglande inventeringar. Desse manglane er så vesentlege at Norges Naturvernforbund meiner det ikkje ligg føre eit forsvarleg grunnlag for å gjere vedtak.

– Lina vil føre til økonomiske tap som er mange gonger så stort som nettonytten av lina. Dei samfunnsøkonomiske ulempene ved lina er vesentleg større enn føremonane. Grunnlaget for konsesjon er ikkje til stades. Norges Naturvernforbund støttar kravet frå nokre kommunar om ei brei analyse av dei økonomiske føremonane og ulempene ved lina.

– Folk som bur i området må tole store ulemper dersom lina skulle komme. Planen er djupt urettferdig ved at dei som har føremonane av tiltaket, er heilt andre enn dei som må bere ulempene, og som er langt fleire. Når folk langs heile traseen har reagert på planen med fortviling og raseri, er det ein naturleg reaksjon og uttrykk for ein levande rettferdssans. På den urettferdige situasjonen finst det berre ei løysing, dersom overføringa mellom Sogn og Møre skal komme, og den løysinga er å legge lina i sjøen mellom Fardal og Ørskog. At dette alternativet kostar meir pengar, kan ikkje vere noko avgjerande innvending.

Dersom overføringskabelen er å oppfatte som eit gode for samfunnet, må fellesskapet bere kostnadene, anten over statskassen eller ved at folk flest er med og betaler. Som illustrasjon: 6 milliardar kroner i ekstra kostnad fordelt på dagens kraftproduksjon (120 TWh) utgjer ikkje meir enn fem øre i ekstra nettleige pr. kilowattime, og då er heile kostnaden betalt på eit år. Det har vore hevda at sjøkabel vil gje svære tillegg i nettleiga, ein påstand som verkar henta meir ut av lufta enn av realitetane.

– Ei anna løysing er at dei storbrukarane som måtte ha særleg nytte av lina, betaler kostnadene eller ein del av dei, ut frå det gode prinsippet om at den som vil gjere inngrep i naturen, betaler kostnaden med å gjere inngrepet akseptabelt.

Ja, dette er en viktig sak. Jeg vil gjerne lese mer om hvordan jeg bli medlem eller på annen måte støtte Norges Naturvernforbunds arbeid for å verne norsk natur.