Merknader til høyringsutkast til fylkesdelplan for klima og energi

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har lese høyringsutkastet til fylkesdelplan for klima og energi. Vi ynskjer først å gje honnør til fylkeskommunen som har gjennomført det første steget i ein viktig prosess. Naturvernforbundet har desse merknadene til planframlegget:

? Naturvernforbundet vil oppmode fylkeskommunen om å vedta mål for energibruk og klimagassutslepp og utarbeide mest mogleg konkrete handlingsplanar med sikte på å nå desse målsettingane. Vi stør framlegget om å la eit mål for redukson av klimagassar ta utgangspunkt i det norske Kyoto-kravet. Naturvernforbundet meiner det også må fastsettast mål for å utnytte det store potensialet innan enøk, omlegging til vassbasert oppvarming og alternative energikjelder.

? Når det gjeld energibruk er enøk det klart viktigaste satsingsområdet. Her gir det nyoppretta fylkeskommunale enøk-fondet eit godt utgangspunkt for å hjelpe fram gode tiltak. Størst mogleg omlegging frå elektrisk oppvarming til vassbaserte oppvarmingssystem er viktig i denne samanhengen. Dette vil opne for utnytting av spillvarme, varmepumper og klimanøytrale energikjelder på ein heilt annan måte enn i dag.

? I den grad ein er nøydd til å ta i bruk nye ressursar for å møte aukande trong for energi, meiner Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane at ein skal satse på fornybare energikjelder. Vi er samstundes samde med sentrale styresmakter i at ein bør unngå å gjere store naturinngrep som vil forringe naturverdiane for komande generasjonar. Samla plan for vassdrag har vore eit verkemiddel for å differensiere mellom vassdrag som kan vurderast utbygd, og vassdrag som ikkje bør rørast. Vi er samde med Fylkeskommunen i at det på same måte er stor trong for ein samla plan for vindkraft, sett i lys av konfliktane rundt eksisterande planar for vindkraft på t.d. Stadtlandet. Eventuelle vindkraftplanar bør bli utsette til ein slik samla plan er ferdig utarbeidd.

? Det er rimeleg at utgreiing av vasskraftressursar er tema i ein fylkesdelplan for energi. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil likevel sterkt ta avstand frå det vi oppfattar som eit forsøk på å framstille vasskraftutbygging som eit aktuelt klimatiltak. Vi viser til denne formuleringa i kap. 1.4 i høyringsutkastet:

?Sentrale styresmakter vil stramme inn vilkåra for ny vasskraftutbyggjing. I sin ytterste konsekvens kan dette innebere at berre opprustingar og mindre utvidingar utan inngrep i urørd natur, vil vere moglege i framtida. Dette gjer det vanskeleg for fylket å bidra til klimarekneskapen gjennom tilføring av ny rein energi.? (vår understreking)

For det første kan ikkje Noreg oppfylle sine forpliktingar i Kyoto-protokollen med å byggje ut ny vasskraft, og dette vil vere i strid med norsk klimapolitikk. For det andre er det ikkje slik at ny vasskraft inn på den opne europeiske kraftmarknaden automatisk vil erstatte ureinande kolkraft. Norsk vasskraft vil konkurrere ut andre energikjelder som er dyrare, og det kan like godt vere nye alternative energikjelder som vindkraft og bioenergi.

? I kapittelet om bruk av gass i Sogn og Fjordane er det vist til planane om å utnytte naturgass i kombinasjon med utvinning av antorthositt-førekomstane i Gudvangen ? Mjølfjell-området. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner det er uakseptabelt å opne for storskala bergverks- og utskipingsaktivitetar i Gudvangen-området. Dette vil vere i strid med formålet for opprettinga av Nærøyfjorden landskapsvernområde, og vil kunne ha stor negativ innverknad på eit særs verdfullt fjordlandskap. Elles opplever vi at opinionen har fått mangelfull og einsidig informasjon om gasskraft/anorthositt-konseptet til Institutt for energiteknikk (IFE). Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vil peike på desse sidene ved den foreslåtte industriprosessen som fylkeskommunen har eit ansvar for å få utgreidd dersom ein vel å leggje til rette for utnytting av anorthositt i kombinasjon med naturgass og salpetersyre:

– Samla energibruk i aluminiumsproduksjonen: Etter det vi kjenner til vil IFE-prosessen gje 10-20% auke i total energibruk for framstilling av sluttproduktet aluminium

– Realismen i CO2-fri gasskraft gjennom IFE-prosessen: Eit viktig argument for kopligna mellom anorthositt og naturgass er at ein kan oppnå CO2-fri gasskraft ved at CO2 fellast ut til kalsiumkarbonat i reaksjon med anorthositten. Denne metoden kan berre nyttast til å binde ein beskjeden del av samla CO2-utslepp frå eventuelle framtidige gasskraftverk. Gasskraftverk i storleiken 700 MW (Kårstø + Kollsnes) ville til dømes krevje ein produksjon som svarer til 250% av dagens samla norske aluminiumoksid-forbruk

– Deponiproblem knytt til surt silisium-avfall av enormt omfang: Konsekvensar med omsyn til arealdisponering og moglege tungmetall-ureiningar må utgreiast.

Med helsing

Astrid Kalstveit