Mindre søppel og betre miljø

18.00: Filmen «A Plastic Ocean» 19.50: «I samme båt» v Børje Møster 20.15: «Zero Waste» v/Kristine Ullaland 21.00: Kvar står dei politiske partia i Flora kommune? Programleiar: Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Korleis kan vi vere med på å skape mindre søppel og eit betre miljø?

Filmen “A Plastic Ocean” tek oss med på ei global rundreise , og viser døme frå Stillehavet og Asia, Europa og Australia. Ei rekke miljøproblem er knytte til plast i havet, og filmen gjev og nokre svar på kva vi kan gjere med problemet. David Attenborough er blant dei som deltek i filmen.
Børje Møster frå Manger i Hordaland er fridykkar og undervassjegar. Han bur om bord i havsiglaren “Sheba Queen” og har planar om å reise langs heile norskekysten i år. Undervegs skal han arrangere strandrydding og halde kurs i fridykking og båtførarprøva.
Kristine Ullaland frå Naustdal vart kjend for å samle restavfallet sitt i eit Norgesglas. Ho starta «Grønare kvardag» og held inspirerande føredrag om eit søppelfritt liv.

Arrangørar: Svanøy folkeakademi, Florø Filmklubb og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, med støtte frå Nasjonalbiblioteket.