Mobilisering mot 420 kV-kraftline Fardal- Ørskog

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane inviterer representantar frå kommunar og ulike organisasjonar, og enkeltpersonar, til eit drøftingsmøte om den planlagde kraftlina frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre. Dette er det største naturinngrepet i Sogn og Fjordane nokon gong, og Naturvernforbundet vil kjempe med alle lovlege middel mot planen. Strategimøtet er onsdag 14. juni kl. 19.00 på Skei Servicesenter.

Møtet er ikkje ope, men for innbodne deltakarar frå Sogn og Fjordane og grannefylka i nord og sør.

Program:

Kraftline Fardal-Ørskog og ulike traséval
Innleiing ved Erik Solheim, Naturvernforbundet

Folkeaksjonen i Hardanger mot 420 kV kraftline
v/ initiativtakar Klaus Rasmussen frå Øystese

Korleis stoppe lina?
v/ leiar Norges Naturvernforbund Lars Haltbrekken

Mobilisering i kommunane
v/ ordførar Bjørn Lødemel, Hornindal kommune

Spørsmål og meiningsutveksling

Oppsummering

Servering av kaffi og rundstykke i møtet

Vi vonar på godt frammøte, og at vi kan få fram viktige moment i motstanden mot lina. Naturvernforbundet ynskjer å mobilisere alle gode krefter og lage ein strategi vidare, om korleis vi skal greie stoppe planane.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane
Jon Farestveit, leiar

Manipulert bilete som viser korleis ei kraftline vil prege landskapet.