NaTur i fjøra

Laurdag 9 oktober inviterte Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Lokallaget i Eid til ein dag i fjøra med strandrydding og besøk av ein marin biolog.

Laurdag 9. oktober arrangerte vi NaTur-dag i fjøra i Grytevika. Vi hadde eit godt oppmøte med rundt 25 deltakarar. Dagen starta med strandrydding, både barn og vaksne rydda flittig. Vi hadde samtalar om kva vi fant, korleis hamna det der og kva kan vi gjere for å redusere mengda plast som hamnar i naturen.

Medan vi rydda heiv marin biolog Gaute Wilhemsen Seljestad frå «Lei ein Biolog» seg ut i havet for å vise oss kva som finns i fjorden. Ein time med strandrydding gjekk over i litt over ein time med biologi, der vi lærte om kråkeboller, sjøstjerner, tang og tare. Alle som deltok vart overraska over alt det vakre som finns i fjorden. 

Marin biolog Gaute vise fram dei ulike sjøstjernene som er å finne. Vi lærte om dei mange tusen føttene som dei har som også fungerer som smasksløker, at dei har heile 5 auge og korleis dei ete. 

Både vaksne og barn var ivrig etter å lære om havet!

Dagen blei avslutta med fiskeburger, pølser i brød og nokon sterke vindkast som tyda på at hausten hadde kome.