Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane hadde årsmøte 11. april, der Marit Vøien Nes vart attvald som leiar. Årsmøtet vedtok elles ei fråsegn om den planlagde kommunereforma.

«Det er såleis meir enn tvilsamt om ei overføring av makt [til dei nye kommunar og storkommunar] anten det gjeld småkraftverk, motorferdsel i utmark, forvaltninga av utmarka osv. vil kome naturen og miljøet til gode.»

0px; «>KOMMUNEREFORMA: KVA OPPGÅVER SKAL KOMMUNANE HA? No har vi endeleg fått vite ein del om kva oppgåver dei nye og større kommunane skal ha dersom regjeringa får det som den vil. Så langt veit vi ikkje presist så mykje om dette, men det er likevel tydeleg at staten si makt over naturforvaltninga skal reduserast og overførast til dei nye kommunane med den grunngjevinga at lokalsamfunna er best eigna til å ta vare på sine naturressursar. Dette er eit synspunkt som vi i Naturvernforbundet vil tillate oss å diskutere, og vi viser m.a. til framlegget om å overta konsesjonhandsaminga av småkraftverk frå det statlege organet NVE. Vi i Naturvernforbundet har slett ikkje alltid vore samde i vedtaka til NVE, men det er likevel ikkje tvil om at konsesjonssøknadene får ei grundig handsaming av fagfolk i NVE og sameleis miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen. Når det gjeld dei framtidige nye kommunane, så er det vel svært tvilsamt om dei får, sjølv om dei vert større, nok faglege ressursar eller har vilje til å gje desse søknadene noko prioritering mellom alle dei andre oppgåvene ein kommune har. Det er nok også slik at i ein kommune vil meir kortsiktige økonomiske interesser som oftast telje meir enn omsynet til naturverdiane. Det er såleis meir enn tvilsamt om ei overføring av makt anten det gjeld småkraftverk, motorferdsel i utmark, forvaltninga av utmarka osv. vil kome naturen og miljøet til gode. Like gjerne kan organisering av storkommunar og overføring av makt når det gjeld naturforvaltninga, føre til auka press på naturressursane og også til skade på natur og miljø. Og kva vil skje med med dei faglege ressursane i NVE, Miljødirektoratet og miljøvernavdelingane hos fylkesmannen når det gjeld dei nemnde oppgåvene? Vert dei overførte til dei nye kommunane eller berre forsvinn dei i «flyttesjauen»?