Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane søkjer ny fylkessekretær!

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane søkjer ny Fylkessekretær i 100% stilling

Arbeidsgivar: Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane v/ fylkesstyret

Stillingstittel: Fylkessekretær

Søknadsfrist: 14.06.2024, med oppstart i løpet av august/snarast mogleg

Skildring av stillinga:

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, ved fylkesstyret, fire lokallag og over tusen medlemmar, jobbar for å verne den vakre naturen vi har i fjordfylket. For å kunne påverke og å vera med på å gjere ein forskjell er vi avhengige av aktivitet og engasjerte medlemmar. Som ein grunnstein i dette arbeidet ligg arbeidsoppgåvene til fylkessekretæren. Fylkessekretær støttar fylkeslag og lokallag med administrativt arbeid, og opprettheld driftsgrunnlaget ved å søke etter midlar til ulike prosjekt. I samarbeid med fylkeslag,  lokallag og eventuelle andre samarbeidspartnarar vil også fylkessekretæren være med på å organisere og planlegge prosjekt og aktivitetar knytt til desse. I 2024 og 2025 vil ein jobbe mykje med marin forsøpling og arbeid for å redusere forbruk av plast.

Ansvarsområde og oppgåver:

  • Administrasjons-, organisasjons- og informasjonsarbeid for fylkeslaget og lokallaga
  • Utarbeide og skrive prosjektsøknader og rapportere på desse
  • Planlegge og gjennomføre prosjektarbeid
  • Følge opp og oppdatere nettsider og sosiale medium 
  • Følge opp lokallaga og samarbeidspartnarar
  • Følge opp aktuelle miljø- og naturvernsaker i fylket 
  • Skrive høyringsfråsegner og andre innspel til kommunale og regionale planar 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning, for eksempel innan natur-, miljø- og/eller samfunsrelaterte fag. 
  • Engasjement og interesse for natur- og miljøvern. 
  • Erfaring frå prosjekt- og organisasjonsarbeid og frivillig arbeid.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner.
  • Grunnleggjande forståing for økonomi.

Vi kan tilby:

Gode moglegheiter til å forme eigen arbeidskvardag.

Kontorplass i Førde, eller annan stad i Sogn og Fjordane. 

Moglegheit til noko reising i jobben.

Fagmiljø og fellesskap gjennom Naturvernforbundet sentralt og med fylkesstyret.

Samarbeid med andre organisasjonar med samanfallande interesser.

Om arbeidsgivar:
Naturvernforbundet er Noreg sin største natur- og miljøvernorganisasjon, og har omlag 40 000 medlemmar. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har hatt stor medlemsvekst den siste tida, dei nye medlemmane må vi ta vare på og engasjere til kamp for naturen. I Sogn og Fjordane arbeider vi mykje med å hindre naturtap som er planlagd og skjer, i form av utbygging av industri og næring i sårbare og unike naturområder. I fjord- og fjellfylket er det stort press på energiproduksjon og både vindmøller og oppdemming av elvar og vatn er saker vi jobbar med. Vi jobbar med rydding av søppel og spreiing av kunnskap, i form av mindre og større ryddeaksjonar, arrangement med debatt og foredrag og turar med fagleg innhald, eller berre for å oppleve rein naturglede! (Fylkessektretær vil jobbe tett med fylkesstyret for å få hjelp til å prioritere arbeidet.) 

Kontakt: Fylkesstyret, sognogfjordane@naturvernforbundet.no, eller fylkesleiar Hanna Lie Bakken på 91374954.