Naturvernpris til Vernegruppa for Nausta

Gruppa «Vern Nausta» fekk Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane sin pris «Naturvernprisen 2006» under naturvernhelga i Naustdal denne helga. Gruppa vart heidra for arbeidet med å få Nausta-vassdraget inn i verneplanen for vassdrag.

Dette arbeidet vart krona med siger og varig vern av det tredje av dei store og omstridde vassdraga i Sogn og Fjordane, etter Strynevassdraget og Gaula. Vassdraget kom med i verneplanen i 2005. Vernegruppa for Nausta bestod av leiar Åsmund Berthelsen, Reinhart Veien, Ellinor Friis, Frank Rune Ås, Kjell Klopstad og Signe Eimhjellen Mehl.

I grunngjevinga for tildelinga peikar Naturvernforbundet på at gruppa har vore sakleg og tydeleg. Vidare skriv Naturvernforbundet mellom anna at ”…Vern Nausta gjorde det viktigaste, det som alle lokale grupper har gjort, for å få verna sitt vassdrag. Dei kom med treffande spørsmål og saklege argument som avslørte veikskapane i grunngjevinga for utbygging. Dei fekk til ein lokal debatt som drog utbyggingssaka fram i lyset. Der trivst argumenta for vern betre, og dei vann”.

Les sak i Firda: Naturvernprisen til Vernegruppa for Nausta

Vern Nausta si nettside

Temaside: VassdragsvernJa, dette er ei viktig sak – og kampen for vassdraga våre er ikkje over! Eg vil gjerne lese om korleis eg kan bli medlem og på anna vis støtte Norges Naturvernforbund sitt arbeid

Frå Hovefossen.
Foto: Vern Nausta

Nesfossen, Nausta.
Foto: Vern Nausta

Frå Dettefossen som ligg mellom Nes og Vonavatnet. Foto: Vern Nausta