Nei til den største naturøydelegginga gjennom tidene

Den 420 kV kraftlina som er planlagt mellom Fardal og Ørskog er det største naturinngrepet som er påtenkt på Vestlandet nokon gong. Alle alternativa går både nær mange menneske og gjennom eller nær verna område, ei rekkje verna vassdrag og viktige friluftsareal. Lina går tvers gjennom 250-300 kilometer av det vestnorske fjordlandskapet, det landskapet som National Geographic har peika ut som den mest storarta å oppleve i verda.

Lina vil bli synleg og dominerande på ein brutal måte over store avstandar og redusere opplevingsverdiane vesentleg. Summen av skade på natur, landskap, kulturminne og opplevingsverdiar vert gigantisk for alle alternativa. Ikkje noko anna konkret naturvernsak på Vestlandet er av større dimensjonar enn planen for kraftlina Fardal-Ørskog.

Grunngjevinga for planen er analysar som tilseier trong for ekstra straumforsyning til Nordmøre, i det vesentlege på grunn av nytt aluminiumsverk på Sunndalsøra, gassterminalen for Ormen Lange på Aukra og utviding ved Hustad Marmor. Ei kraftkrise er planlagt på Nordmøre ved å underslå kostnadene for natur og landskap med ei ny kraftline.

Statnett opplyser at ny kraftproduksjon i Midt-Noreg, med stor nok kapasitet, er ei svært god løysing for kraftsystemet. Dersom det vert bygt eit gasskraftverk på 800 megawatt i Midt-Noreg, er det ikkje lønsamt å byggje Ørskog-Fardal nå. Regjeringa har gjort det klart at dei vil har gjennomført planen frå Statoil og Shell om eit gasskraftverk med CO2-deponering.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane går på det sterkaste i mot å gje konsesjon til kraftlina frå Fardal til Ørskog. Dersom utsiktene til kraftmangel i Midt-Noreg er alvorleg, får regjeringa syte for at den gasskraftteknologien dei har vedteke å satse på, kan løyse den mangelsituasjonen som oppstår, i staden for å gjennomføre den største naturøydelegginga på Vestlandet gjennom tidene.

Dette prosjektet må såleis stoppast snarast. Men dersom dette ikkje let seg gjere, vil Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane krevje at krafta vert overført ved ein sjøkabel sjølv om dette skulle føre til at lina blir ein god del dyrare. Noreg som stat og kraftselskapa bør sjølvsagt ha råd til å ta vare på dei verdfulle natur- og miljøkvalitetane våre.

Fråsegn vedteken på årsmøtet til Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane 29/4-06

Les om saken i Firda