NEI TIL STATLEG VANDALISME PÅ STAD

Fråsegn frå årsmøtet i Naturvernforbundet i Førde, 5. mars 2001:

Naturvernforbundet i Førde vil på det sterkaste protestere mot at Statkraft får konsesjon til å byggje og drive ein vindmøllepark på Stadlandet i Selje kommune. Eit slikt anlegg vil representere statleg vandalisme på sitt verste, attpåtil subsidiert av skattebetalarane med mange millionar kroner.

Kven ville finne på å byggje vindmøller ved sida av Nidarosdomen, Urnes stavkyrkje eller kongens slott i Oslo? Eller kven ville finne på å setje opp ein skog av vindmøller, høge som skyskraparar, midt i Jotunheimen eller på Nordkapplatået? Galskapen med vindmølleparken på Stad er på dette nivået. I Selje finst det både natur- og kulturskattar av stor nasjonal og internasjonal verdi som ein vindmøllepark vil øydeleggje.

Naturvernforbundet i Førde er i utgangspunktet positive til vindkraft, men seier blankt nei til at vindmøllene må setjast opp på Stad, ein av dei stadene på Norskekysten der dei kjem mest i konflikt med natur- og kulturverninteresser. Blir det sagt ja til vindmøller på Stad, er det eit klarsignal til å byggje vindmøller kvar som helst i kongeriket, utan omsyn til andre interesser.

Kysten vår er lang, og vind er det nok av mange stader der det er mykje mindre eller ingen konfliktar. Vindmøller burde setjast opp på stader der det alt er utbygd industri- eller hamneanlegg og det er tilrettelagt med vegar og kraftleidningar. Det er på slike stader det også kan bli økonomisk forsvarleg å byggje vindmøller. På Stad krev vindmølleparken store investeringar også i ei 26 km lang kraftleidning inn til Bryggja, ein trasé som også kjem i konflikt med natur- og kulturverninteresser.

Den planlagde vindmølleparken skal bestå av 35 møller, kvar av dei kring 110 meter høge, medrekna dei roterande vengene. Det skal byggjast 13 km vegar. I det opne og i stor grad urørte landskapet, vert ein vindmøllepark det heilt dominerande elementet, synleg frå dei fleste stader på ytre Stad, og dessutan frå områda sør for Sildagapet. Området har store turistattraksjonar som Vestkapp (på fjellet Kjerringa), Ervika, Dragseidet, og ikkje minst klosterruinane på Selja. Det er ikkje utan grunn at folk har valfarta til dette området i hundrevis av år, og framleis gjer det.

Særleg vil vi peike på kor skjemmande vindmøllene vil vere frå Selja, som er eit freda kulturminne i særstilling, både nasjonalt og internasjonalt. Utsynet frå hola ovanfor klosterruinane er i dag det same som i mellomalderen. Her har folk funne sjelefred sidan 1100-talet. Dette fredelege og mektige panoramaet vil vindmøllene øydeleggje, der dei etter planen skal stå på rekkje og rad på fjellryggen rett nord for Selja.

Då Stortinget løyvde pengar til satsing på vindkraft, var det ikkje deira meining at dei skulle brukast til statleg vandalisme som vil øydeleggje noko av dei mest særmerkte natur- og kulturminne landet har å by på.

Naturvernforbundet i Førde ber regjering og Storting syte for at vindmølleparken på Stad aldri blir bygd.