Norsk vern naudsynt før Stadlandet er aktuelt for verdsarvlista til FN

Stadlandet er nasjonal naturarv og må vernast, meiner Naturvernforbundet, som i helga var med på ein konferanse i Ervik. Der stod spørsmålet om Stadlandet og Selje kloster er kvalifisert til å kome på UNESCO si verdsarvliste på dagsordenen.

Stad Landskap og Norges Naturvernforbund var arrangørar for konferansen. Innleiar var Eli Heiberg, frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, der ho arbeidar med areal- og kystplanlegging og ressursforvalting av naturen. Heiberg orienterte om dei strenge krava som stillast for å få plass på verdsarvlista og sa at det var eit trongt nålauge å kome gjennom. Natur- og kulturkvalitetane på Stad og Selje kloster er det likevel ingen tvil om.

– Fyrste steget er å verna Stadlandet som landskapsvernområde, sa Erik Solheim, tidlegare leiar i Norges Naturvernforbund. – Utkastet til ny naturmangfaldlov opnar for at kulturminnevern og naturvern kan sjåast i samanheng Den nye lova kan såleis auke sjansane for vern av Stadlandet. Kulturminne som klosteret og dei eineståande naturverdiane kan brukast i lag som argument.

Solheim understreka vidare at naturen på Stadlandet og områda rundt er så unike at dei må sparast mest mogeleg urørte for framtida. –Dette er ein nasjonal naturarv som må skånast for store inngrep, som til dømes vindmøller.

– Det har tidlegare vore prøvd å få verna Stadlandet som landskapsvernområde. Det gjekk ikkje iden gong. Det som trengst for å lukkast er solid dokumentasjon av dei eineståande natur- og kulturverdiane som finst i området, understreka Heiberg.

Les om saka i: Fjordabladet