Ny giv ved fylkesårsmøtet

Årsmøtet i Naturvernforbundet Sogn og Fjordane vart prega av fleire saker: fjorddeponi, naturlege møtestader og ny fylkessekretær.

Fjorddeponisaka vert framleis den store kampsaka i året som kjem. Marit Vøien Nes er attvald som leiar i fylkeslaget.

Den viktigaste politiske saka i 2015 har vore motstanden mot fjorddeponi i Førdefjorden.  I tillegg har det vore gjennomført eit komposteringsprosjekt ved tre skular i Førde, vi har kartlagt omfanget av oljefyring i Sogn og Fjordane og utarbeidd rapporten Biologiske verdiar i Gjengedalselva.

På aktivitetsplanen for 2016 står framleis fjorddeponisaka sentralt. Elles er bygging av sykkelbyen Førde, betre renovasjonsordning i Sunnfjord, strandsonevern og jordvern og forvaltningsplan for elvedeltaområdet i Jølstra saker vi kjem til å arbeide med.

Verving og organisasjonsbygging skal mellom anna skje gjennom etablering av Naturleg Onsdag i Sogn og Naturleg Tysdag i Førde. Dette vert månadlege arrangement som tek opp viktige tema som klima.

Årsmøtet diskuterte også fordelar og ulemper med større lokallag, utan at det vart fatta noko vedtak. Sunnfjord lokallag er no etablert, og det er eit nytt under oppbygging i indre Sogn.

Marit Vøien Nes tok attval som styreleiar eit år til. Med seg i styret har ho Sigmund Flaten, Ove Eliassen, Gunnulf Bjørnsen og Haakon Breien.

Karin Bakke, Leiv Henriksbø, Imke Schüren og Anna Malena Giske Skibevaag er vararepresentantar.

Fylkessekretær gjennom fleire år, Lin Hjelmeland Finjord, takka for seg på årsmøtet, og Marit Bendz tek over den jobben.

Foto: Lin Hjelmeland Finjord (til v) vart takka av som fylkessekretær, medan Marit Vøien Nes går på eit nytt år som fylkesleiar.

Fotograf: Marit Bendz