Nytt styre og vellukka årsmøte!

Det var mange av oss som frykta lavt oppmøte på denne sjeldan fine og solfylde laurdagen (12.03) i Førde – med høge covid-19 smittetal og ein grå og kald vinter. Men spådommane vart gjort til skamme av godt over tjue engasjerte medlemmar som heller enn fjelltur og soling, hadde satt av dagen til godt naturvernarbeid.

Ein hadde god gjennomgong av det omfattande plastførebyggande arbeidet som fylkeslaget starta opp i 2021 – Plastjakten Sogn og Fjordane, ved vår ansatte koordinator Marte Mårstøl.

Fylkesleiar Anne-Line Thingnes Førsund som har vore primus motor for mykje av kampen om Førdefjorden i ei årrekke orienterte om saka og leia samtale med NU-aktivist Eirin Støfringsdal frå Jølster, om Natur og Ungdom sin protestleir ved fjorden, sivil ulydigheit som verkemiddel i miljøkampar og korleis vi kan vinne kampen mot gruveslam-dumping i den reine laksefjorden politisk.

Fylkessekretær Jørund Nygård drøfta korleis vindkraftkampen kan vinnast framover saman med Ingunn Kjelstad, leiar i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn, der ein saman med dei andre årsmøtedeltakerane mellom anna tok opp korleis ein kan sikre samarbeid enno betre på tvers av organisasjonane og få gode synergiar.

Mykje av innleiing, debatt og samtaledelen av årsmøtet fekk ytterlegare forankring i styret sitt framlegg til arbeidsprogram som vart vedteke, der ein understrekar at ein skal jobbe og samarbeide bredt og aksjonistisk i viktige miljøsaker, ha særleg høg prioritet for å styrke eksisterande lokallag og å opprette nye, og vil ha ny satsing på sirkulærøkonomi, redusert forbruk og miljøvenleg kvardag.

Ei fyldig årsmelding vitna om høg aktivitet i året som gjekk, og ein enno sterkare start på 2022.

Ein vedtok samrøystes uttale mot taretråling og meiner det er rett med eit nasjonalt forbod.

Eit nytt fylkesstyre vart samrøystes vedteke, og Anne-Line Thingnes Førsund vart attvalt som leiar. Rigmor Bjørkedal vart òg attvalt. Ket Fossen, Jørgen Bergset og Magnus Øydvin hadde meldt at dei ikkje tok attval.

Inn som nye i styret kom Hilde Ellingsund (Florø), Truls Edvardsen (Sogndal), Tone Larsen (Sande). 

I tillegg vart styret auka frå 5 til 6 medlemmar for å gje plass til at Natur og Ungdom vert representert. Dei vel sin representant sjølv, og har meldt at Sigrid Losnegård Hoddevik (Leiar i Gloppen NU og 2. nestleiar i Vestland NU) stiller.

Gunn Wester (Vik), Jon Anders Stavang (Florø) og Terje Lyngstad (Førde) tok attval som varamedlemmar, medan Franzi Menzel (Almenningen, Vågsøy) vart valgt inn som ny 1. vara.

Dermed ser det nye styret slik ut:

Leiar:
Anne-Line Thingnes Førsund, Vevring (attval for 1 år)

Medlemmar:
Rigmor Bjørkedal, Førde (attval)
Hilde Ellingsund, Florø (ny, 2 år)
Tone Larsen, Sande (ny, 2 år)
Truls Edvardsen, Sogndal (ny, 1 år)
Sigrid Losnegård Hoddevik, Sandane (Natur og Ungdom)

Vara til styret: 
1. Franzi Menzel, Vågsøy (ny)
2. Gunn Wester, Vik (attval)
3. Jon Anders Stavang, Florø (attval)
4. Terje Lyngstad, Førde (attval)

Vi ser fram til eit spennande og aktivt år i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane!