Okla vindkraftanlegg i Selje – høyringsfråsegn

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane meiner ulempene ved utbygging av vindturbinar på Okla/Kyrnosa er langt større enn nytten av 65 GWh ekstra straum på nettet. Det er ikkje dekning i fakta eller andre rimelege grunnar til å hevde at utbygginga er turvande for kraftforsyninga eller til nytte som klimatiltak. Konsekvensane av prosjektet er så negative for dei store naturverdiane i området at sjølv om den moderate mengda med straum skulle vere å sjå på som eit gode, så kan dette godet likevel ikkje forsvare tiltaket. Les heile høyringa.

Høyringsfråsegn frå Naturververnforbundet i Sogn og Fjordane om Okla vindkraftanlegg i Selje