OLJEFRI I SOGNDAL

Har du parafinkamin eller oljefyr til oppvarming? Du kan spare pengar på å gå over til fornybar energi og samstundes gjere ein miljøinnsats.

Har du ein nedgraven oljetank kan det vere ei miljøbombe som ved lekkasje kan føre til store kostnadar for deg. Finn ut kva som må til for å fjerne tanken. Enova gjev tilskot til deg som vil ta i bruk miljøvenlege løysingar.
Program:
18:30: Enkel servering
19:00: Kvifor erstatte fossil oljefyring? 
Den nedgravne oljetanken – risiko og ansvar. 
Fornybare oppvarmingsløysingar som kan erstatte fossil oljefyring. 
Økonomisk støtte til å slutte med oljefyring og investering i energismarte tiltak. Ein kort presentasjon av Enova-tilskotet.
Spørsmål og informasjon.

Dag Arne Høystad kjem. Han jobbar i Naturvernforbundet mellom anna med rein energi i Afrika. Han brenn for energisparing og gir i det daglege gratis energiråd til hushaldningar i Asker. Han vil snakke om fornybare oppvarmingsløysingar som kan erstatte oljefyring i Sogndal.Elles medverkar Silje Østerbø, kommunikasjonsansvarleg i Oljefri og Sigmund Flaten, Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane.