Oljefri Naustdal, Gaular, Jølster og Førde

Enova gjev støtte Enova kan gje deg inntil 50 000 tilbake ut 2018 dersom du bytar ut oljefyren med ei Enova- støtta varmeløysing. Har du oljekamin, får du 6 000. – dersom du erstattar den med ein reintbrennande vedomn, pelletskamin eller luft-luft varmepumpe. Støtte til utfasing av oljefyr og parafinkamin vert halvert i 2019, og avvikla heilt når forbodet trer i kraft i 2020.
Kommunen tek ansvar Naustdal, Gaular, Jølster og Førde ønskjer å leggje til rette for trygg og enkel utfasing av fossil oljefyring. Difor inviterer vi til et ope informasjonsmøte, der du får meir informasjon om korleis du erstattar fossil oljefyring og sanerer oljetanken. For tid og stad, sjå programmet under. Vi ønskjer å få oversikt over oljefyring og nedgravne tankar i kommunen for å nå ut til dei det gjeld med aktuell informasjon. Ta kontakt med kommunen din for å få tilsendt skjema.
Men du er ansvarleg for oljetanken Som tankeigar er du ansvarleg for oljetanken og eventuelle lekkasjar. Difor skal oljetankar kontrollerast jamleg når dei er i bruk. Dersom oljetanken ikkje lenger er i bruk, skal eit kvalifisert firma tømme den for olje og reinse den. Deretter skal oljetanken fjernast. Dersom det ikkje er råd å fjerne tanken, kan du søkje kommunen om dispensasjon til å la tanken ligge. Lekkasjar frå oljetankar kan gje deg utgifter til opprydding på fleire hundre tusen kroner.
Fornybar energi kan erstatte fossil oljefyring Det finst fleire gode alternativ til fossil oljefyring, t.d. varmepumper, bioenergiløysingar eller solenergi. Som regel kan fleire alternativ vere aktuelle. Du får meir informasjon om alt dette på informasjonsmøte.
Program for informasjonsmøtet: Korleis og kvifor erstatte oljefyring med fornybar energi? Tid: Onsdag 22. november 2017 kl. 19.00 – 21.00 Stad: Rådhuset i Førde, Bystyresalen Kva er problemet med fossil oljefyring? Risiko og ansvar med oljetank Fornybare alternativ til fossil oljefyring Økonomisk støtte til å slutte med oljefyring og investering i energismarte tiltak. Ein kort presentasjon av Enova-tilskotet.
Spørsmål og informasjon Du finn meir informasjon på: enova.no og oljefri.no Få tips til fleire energismarte tiltak i bustaden din på energismart.no.