OPEN CALL – Kunst- og Strandrydderesidens i Stavang
Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd inviterer kunstnarar til å søke på eit heilt unikt residensopphald på Sogn og Fjordane sin ytre kyst i juni 2026.
Søknadsfrist: 26.04.2026
Eliah LillisVi inviterer kunstnarar til ei unik oppleving som kombinerer strandrydding og kunst i dei vakre omgjevnadane i Stavang.
Søknader som vektlegg kunstnaren si interesse for, og syn på naturengasjement og miljøvern vil prioriterast, men tidlegare erfaring er ikkje eit krav.
Premisset for residensen er å delta i strandrydding langs norskekysten saman med frivillige plastplukkarar. Materialet vi samlar vil verte brukt, anten direkte eller indirekte til ei felles utstilling/performance i slutten av opphaldet.
Vi ynskjer alle kunstnarar velkomne til å søke, anten ein driv med materialbasert kunst, performanse, lyd eller video- for å nemne nokon.
Praktisk om residensen:
Opphaldet på residensen varer i 3 veker og startar 1. juni. Kost og losji vert dekka av arrangøren. Det vil vere moglegheit for både innandørs og utandørs arbeidslokale.
Strandryddinga vil foregå i det episke og ville landskapet på øyar og fastland kring Stavang, der vi vil arbeide til fots og med hjelp av båt. Her får ein ei unik moglegheit til å komme tett på aude natur og dyreliv, og å oppleve konsekvensane av menneskeleg påvirknad og forureining. Både kunstnarane og dei frivillige strandryddarane skal aktivt delta i å sanke/ rydde havplast. Gjennom tre veker vil kunstnarane kunne utforske moglegheitene denne plassen har å tilby, gjennom tilstadeværelse, aktivitet og arbeid.
Det er forventa at kunstnarane skal kunne samarbeide om ei felles utstilling og/eller performance ved slutten av opphaldet der dei tek i bruk materiale dei sjølve har sanka. Dei frivillige vil bistå med å finne materiale.
Kva form kunstprosjektet tek er opp til kunstnarane å bestemme, det kan gjenskapast gjennom lyd, video, fysiske installasjonar etc. Men prosjektet blir utforma med premiss om å nytte materiala ein finn gjennom strandryddinga, og med hensikt å formidle omfanget av forsøplingsproblematikken langs kysten av Sogn og Fjordane.
Denne residensen krever at søkjaren er i god alminnelig form, då sjølve strandryddinga kan vere fysisk krevjende og i områder med ulendt terreng.
Slik søker du
- Søknadsfrist 26. april 2026
- Du kan vente svar på søknaden innan 4. mai 2026
- Søknaden skal samlast i ein pdf på maks 15 sider og maks 10MB
- Navngi fila: etternavn_2026
- Søknaden sendast på epost til: s.skjerdal@naturvernforbundet.no
Søknaden skal innehalde:
Kontaktopplysningar: Fullt namn, tlf. nr. og epostadresse
Skildring av kunstnarskapet:
Skriv kort om følgande:
- Kven er du som kunstnar? Litt om praksisen din, kva medier, format og materialer jobbar du mest med? Kva er ambisjonane og måla dine med kunsten?
- Kvifor tenker du at du passar inn i dette prosjektet?
Kva er dine tankar om natur, miljø og bærekraft?
Skriv kort om kva du tenker om desse tema, og korleis du jobbar med eller ynskjer å jobbe med dei gjennom kunsten din.
Kunstnerisk CV
Maks 2 A4sider
- Skal innehalde relevant utdanning og kurs
- Relevant verksomheit, produksjon, både gjennomførte og planlagte prosjekt.
- Anna relevant informasjon
- Vi synes også det er spanande å sjå om du har noko tidligare erfaring med strandrydding og generelt friluftsliv gjennom tidligare arbeid, ideell verksemd eller ut av eige initiativ, men dette er ikkje påkrevd.
Kunstnerisk portefølje
- Skal vise maks 7 verk. Vel gjerne ut verk som representerer ditt kunstnariske verke godt, og som kan passe inn i formatet til residensen.
- Bildedokumentasjon: Inkluder tittel på verk, år, format og teknikk på same side som bilete av verket. Kan også inkludere ei enkel setning med prosjektskildring.
- Dokumentasjonen bør vere i liggande format, og storleiken tilpasses visning på skjerm (1920×1080).
- Videofil: Legg ved link til videofil inne i PDF-en, bruk Youtube eller Vimeo. Filmen kan ikkje vere lengre enn fem minutt.
- Lydfil: Legg ved link til lydfil inne i PDF-en som .mp3, .ogg, .wav, .flac, .aiff. Lydfila kan ikkje vere lengre enn fem minutt.
Har du spørsmål?
- For praktiske spørsmål kontakt Stina Skjerdal: s.skjerdal@naturvernforbundet.no
- For kunstfaglege spørsmål kontakt Eyrun Müller: eyrunmueller@gmail.com
Om arrangørane

Stina Skjerdal
Prosjektkoordinator for Naturvernforbundet Sogn og Fjordane
Eliah LillisJohannes Elslo
Prosjektkoordinator for Fjordane Friluftsråd
Eyrun MuellerEyrun Müller
Kunstnerisk ansvarleg
Sponsorar

