Over 300 elevar skal rydde Førde sentrum 12 september

I forbindelse med Strandryddeveka arrangerer Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd tidenes ryddeaksjon i Førde sentrum.

Med over 300 elevar påmeldte til ryddeaksjonen måndag 12 septmeber, blir det nok den største ryddeaksjonen Førde har sett. 

Elevar frå Førde barneskule og Halbrend skule blir med oss ut. Vi skal rydde i Hafstadparken, langs elva og i sentrum.