Påmelding Prosjekt Blomstereng
Her finn du påmeldingsskjema til Prosjekt Blomstereng for skuleåret 2025-2026 i området Sogn og Fjordane.

Bli med på Oppdrag blomstereng! 🌼🐝
Vil skulen din bidra til å ta vare på insekta? Ønskjer de å engasjere elevane gjennom praktisk og lærerik aktivitet i undervisinga?
I dette oppdraget får elevane sanke frø frå ville blomar, lære om ulike insektartar og skape si eiga blomstereng – enten på skuleområdet eller ein annan passande stad i nærmiljøet.
Gjennom oppdraget får elevane ei betre forståing for samanhengen mellom insekt og plantar, kvifor det er viktig å ta vare på dei – og korleis dei sjølve kan bidra.
Vi tilbyr eit ferdig undervisningsopplegg med alt de treng av materiell og ressursar (obs. merk at undervisningsmateriellet er på bokmål). Opplegget er gratis, og klassen får tilsendt gratis materiellpakke med elevhefte, plakat og evt. skilt til blomsterenga (så langt lageret rekker). Det er i tillegg ekstra ressursar på oppdragblomstereng.no.
Meld på skulen eller klassen din her, så tek vi kontakt!