Partidebatt: Korleis skal Vestland bli eit fossilfritt naturfylke i 2030?


29. august kl. 19:00 er det gratis partidebatt på Litteraturhuset i Bergen kring miljøsakene aktuelle for Vestland fylke. Arrangementet strømmast også her:

lenke: https://www.youtube.com/watch?v=L6co4BWuk_s

Knapt noko fylke har sett seg meir ambisiøse mål enn Vestland: I 2030 skal fylket ha netto null klimagassutslepp, og vi skal sikra naturen og artsmangfaldet.

Korleis vil partia som stiller til fylkestingsval hausten 2023 oppnå dette, kva konkrete tiltak kan dei presentera? Kva vegprosjekt vil partia prioritera opp, ned eller ut, korleis stiller dei seg til vindkraft på land og til havs – og er elektrifisering av sokkelen riktig bruk av den reine krafta vår? Kva parti vil stoppa dumping av gruveavfall i Førdefjorden, sikra at fiskeoppdrett vert lukka av omsyn til natur og miljø, og korleis vil dei verna 30% natur på land og til havs fram mot 2030?

Dette og meir til skal Naturvernforbundet utfordra listetoppane som stiller til val i Vestland på i denne debatten.

Med i panelet har vi:
Vestland SV sin 1. kandidat Marthe Hammer
Vestland Ap: Stortingsrepresentant Linda Monsen Merkesdal
Vestland MDG sin 1. kandidat Nils-Anders Nøttseter
Vestland Venstre sin 1. kandidat Åsta Årøen
Vestland Høgre sin 2. kandidat Noralv Distad
Hordaland Raudt sin 1. kandidat Jeanette Syversen
Hordaland Sp sin 2. kandidat Aleksander Øren Heen
Vestland KrF sin 2. kandidat Jon Olav Økland
Folkets Parti Vestland sin 1. kandidat Nils Haugland

Vel møtt! Arrangementet er gratis og ope for alle i Auditoriet på Litteraturhuset.