Plast på godt og vondt – ei utstilling i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane
Plasten sin veg frå vidunderprodukt til global problem kan du oppleve på Kystmuseet frå 20.februar
20 februar er det duket for opning av plastutstillinga som i 2017 blei utvikla av Naturvernforbundet Hordaland. Utstillinga hadde stor suksee på Herdla Museeum utanfor Bergen og no har vi vore heldige å fått overta ansvaret i to år saman med Kystmuseet Sogn og Fjordane.
Utstillinga som har fått namnet «Plast på godt og vondt» set fokus på korleis produktet gjekk frå å vere eit heilt formidabelt produkt til å bli eit av kloden sitt mest alvorlige og stadig vaksane miljøproblem. Vi vil belyse korleis og kvifor vi som samfunn gjekk frå å bruke naturfiber til plastfiber, og korleis det endra gjenbruk-og reprasjonskulturen. Utstillinga vil vidare gi ein god innsikt i korleis plast og anna marin forsøpling påverkar ulike økosystem, organismer og mennskje, samt sjå på løysningar og tiltak som er viktige i kampen mot plastforureining.
Utstillinga blir også ein ny og viktig plattform for kunnskapsutveklsing for barn og vaksne i regionen, der vi vil arrangere events og workshop til alle aldersgruppe.
Vel møt på Kystmuseet i Florø!