Positivt med plan for vasskraftutbygging
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane er glade for at fylkeskommunen no vil utarbeide ein plan for vasskraftutbygginga, og då spesielt småkraftutbygginga.
Ei slik planlegging kan nok føre til at fylkeskommunen vil ha eit betre grunnlag for å uttale seg i slike saker og dermed få større innverknad på utfallet av sakene.